Forskrift om fredning av Fossevatna naturreservat, Lindås kommune, Hordaland.

DatoFOR-1995-12-15-1053
PublisertII 1995 452
Ikrafttredelse15.12.1995
Sist endret
Endrer
Gjelder forLindås kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Lindås

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 15. desember 1995 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, § 10, og §§ 21, 22 og 23, er eit våtmarksområde ved Fosse i Lindås kommune, Hordaland fylke freda som naturreservat ved kgl. res. av 15. desember 1995 under namnet «Fossevatna naturreservat».

II

Det freda området femnar om følgjande gnr./bnr.: 145/2, 145/3, 145/4, 145/5, 145/6, 145/7, 145/11, 145/18, 146/3, 146/5, 159/1, 159/2.

Reservatet dekkjer eit areal på omlag 444 dekar, der 315 dekar er landareal.

Grensene for reservatet er vist på kart i målestokk 1:5000, datert Miljøverndepartementet november 1995. Kartet og fredningsforskrifta er arkiverte i Lindås kommune, hos fylkesmannen i Hordaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka der dei går over land, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet er å frede eit relativt urørt trekk- og hekkeområde på Lindåshalvøya, med ein mosaikk av fleire naturtypar.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot alle former for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.Dyre- og fuglelivet, herunder reirplassar og hiområde er freda mot skade og øydelegging. Jakt, fangst, bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band.

Utsettjing av vilt er forbode.

3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre dei naturlege tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båtar, hensetting av campingvogner o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for turrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller anna tilførsle av konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Camping, teltslåing og oppsetting av kamuflasjeinnretningar er forbode.
5.Motorisert ferdsel på land og vatn og lågtflyging under 300 m er forbode. Forbodet gjeld også om bruk av modellbåtar og modellfly. Brettsegling er forbode.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, rednings-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsel- og forvaltningsverksemd.
2.Beite som på vernetidspunktet.
3.Drift av eksisterande fulldyrka og overflatedyrka areal, og vedlikehald av gjerde i samsvar med noverande bruk.
4.Vedlikehald av grøfteavlaup som er lagt ned tidlegare, og som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksarealer, etter at forvaltningsstyresmakta er varsla.
5.Hogst og uttak av eksisterande furuplanting i tida f.o.m. 1. november til 1. mars.
6.Vedlikehald av eksisterande kraftliner.
7.Naudsynt motorisert ferdsel i samband med aktivitetar nemnt i pkt. 1-6.
8.Opplag av båt på fast plass til eige bruk for grunneigarane.
9.Vedlikehald av eksisterande stiar.
10.Jakt på hjort kontrollert bruk av hund i samband med jakt og gjeting.
11.Sanking av bær og matsopp.
12.Fiske.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som er til vesentleg skade.
2.Legging av nye grøfter for drenering av tilgrensande areal.
3.Fjerning av vegetasjon som er vertsplanter for skadeorganismar i jordbruket.
4.Kontrollert uttynning/høgdereduksjon av skog og kratt som er til ulempe for jordbruket.
5.Hogst av ved til eige bruk.
6.Bygging av pumpehus, legging av ledninger for vatningsanlegg, setje opp gjerde m.m.
7.Rydding av vegetasjon m.m. i samsvar med godkjent forvaltningsplan, eller når føremålet med vernet krev det.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med føremålet med fredninga. Det kan utarbeidast forvaltningsplan som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredningsforskrifta når føremålet med fredninga tilseier det, for vitskaplege granskingar og arbeid som er av vesentleg verdi for samfunnet, og i andre særskilde høve når det ikkje strir imot føremålet med fredninga.

IX

Forvaltninga av fredningsforskrifta er lagt til fylkesmannen i Hordaland.

X

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.