Forskrift om fredning av Nesvika naturreservat, Bergen kommune, Hordaland.

DatoFOR-1995-12-15-1054
PublisertII 1995 454
Ikrafttredelse15.12.1995
Sist endret
Endrer
Gjelder forBergen kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Bergen

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 15. desember 1995 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jfr. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8 jfr. § 10, og §§ 21, 22 og 23, er eit våtmarksområde ved Haukeland i Bergen kommune, Hordaland fylke freda som naturreservat ved kgl. res. av 15. desember 1995 under namnet «Nesvika naturreservat».

II

Det freda området femnar om følgjande gnr./bnr.: 90/5, 90/6, 90/8, 92/11, 92/48.

Reservatet dekkjer eit areal på omlag 120 dekar, der 48 dekar er landareal.

Grensene for reservatet er vist på kart i målestokk 1:5000, datert Miljøverndepartementet november 1995. Kartet og fredningsforskrifta er arkiverte i Bergen kommune, hos fylkesmannen i Hordaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka der dei går over land, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet er å frede ein lokalitet med ein velutvikla vassvegetasjon, med trekk- og hekkefunksjon for dykk- og grasender.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot all form for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.Dyre- og fuglelivet, herunder reirplassar og hiområde er verna mot skade og øydelegging. Jakt, fangst, bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band.

Utsettjing av vilt er forbode.

3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre dei naturlege tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båtar, hensetting av campingvogner o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for turrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller anna tilførsle av konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Camping, teltslåing og oppsetting av kamuflasjeinnretningar er forbode.
5.Motorisert ferdsel på land og vatn og lågtflyging under 300 m er forbode. Forbodet gjeld også bruk av modellbåtar og modellfly. Brettsegling er forbode.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, rednings-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsel- og forvaltningsverksemd.
2.Vedlikehald av grøfteavlaup som er lagt ned tidlegare, og som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksarealer, etter at forvaltningsstyresmakta er varsla.
3.Vedlikehald av eksisterande kraftliner.
4.Drift av eksisterande fulldyrka og overflatedyrka areal, og vedlikehald av gjerde i samsvar med noverande bruk.
5.Naudsynt motorisert ferdsel i samband med aktivitetar nemnt i pkt. 1-4.
6.Beite som på vernetidspunktet.
7.Sanking av bær og matsopp.
8.Fiske.

VII

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som er til vesentleg skade.
2.Legging av nye grøfter for drenering av tilgrensande areal.
3.Fjerning av vegetasjon som er vertsplanter for skadeorganismar i jordbruket.
4.Kontrollert uttynning/høgdereduksjon av kratt og varsom hogst av skog til eige bruk og som er til ulempe for jordbruket i tida f.o.m. 1. november til 1. mars.
5.Bygging av pumpehus, legging av leidninger for vatningsanlegg, opprensking av elveinnløp, setje opp gjerde m.m.
6.Rydding av vegetasjon m.m. i samsvar med godkjent forvaltningsplan, eller når føremålet med fredninga krev det.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med føremålet med fredninga. Det kan utarbeidast forvaltningsplan som skal innehalde retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredningsforskrifta når føremålet med fredninga tilseier det, for vitskaplege granskingar og arbeid som er av vesentleg verdi for samfunnet, og i andre særskilde høve når det ikkje strir imot føremålet med fredninga.

IX

Forvaltninga av fredningsforskrifta er lagt til fylkesmannen i Hordaland.

X

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.