Forskrift om fredning av Rekvesøyane naturreservat, Voss kommune, Hordaland.

DatoFOR-1995-12-15-1058
PublisertII 1995 463
Ikrafttredelse15.12.1995
Sist endret
Endrer
Gjelder forVoss kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Voss

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 15. desember 1995 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jfr. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8 jfr. § 10, og §§ 21, 22 og 23, er eit våtmarksområde på Rekve i Voss kommune, Hordaland fylke freda som naturreservat ved kgl. res. av 15. desember 1995 under namnet «Rekvesøyane naturreservat».

II

Det freda området femnar om følgjande gnr./bnr.: 15/1, 16/1, 27/1, 27/2, 28/1, 28/3, 28/4.

Reservatet dekkjer eit areal på omlag 190 dekar, der 47 dekar er landareal.

Grensene for reservatet er vist på kart i målestokk 1:5000, datert Miljøverndepartementet november 1995. Kartet og fredningsforskrifta er arkiverte i Voss kommune, hos fylkesmannen i Hordaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka der dei går over land, og knekkpunkta skal koordinatfestast.

III

Føremålet er å frede eit produktivt våtmarksområde langs Vossovassdraget av stor verdi for m.a. trekkande vadefugl og som i tillegg har nærings- og hekkefunksjonar for nokre artar.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot alle former for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.Dyre- og fuglelivet, herunder deira hi og reir, er freda mot skade og øydelegging. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i bånd.

Utsettjing av vilt er forbode.

3.Det må ikkje iverksettast tiltak som kan endre dei naturgitte tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båtar, hensetting av campingvogner o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for turrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller tilførsle av konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Camping, teltslåing og oppsetting av kamuflasjeinnretningar er forbode.
5.Motorisert ferdsle på land og vatn og lågtflyging under 300 m er forbode. Forbodet gjeld også om bruk av modellbåtar og modellfly. Brettsegling er forbode.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, rednings-, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsel- og forvaltningsverksemd.
2.Vedlikehald av grøfteavlaup som er lagt ned tidlegare, og som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksarealer, etter at forvaltningsstyresmakta er varsla.
3.Naudsynt motorisert ferdsel i samband med aktivitetar nemnt i pkt. 1 og 2.
4.Vedlikehald av gjerder i samsvar med noverande bruk.
5.Beite som på vernetidspunktet, samt naudsynt bruk av gjetarhund.
6.Sanking av bær og matsopp.
7.Fiske.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som er til vesentleg skade.
2.Legging av nye grøfter for drenering av tilgrensande areal.
3.Fjerning av vegetasjon som er vertsplanter for skadeorganismar i jordbruket.
4.Kontrollert uttynning/høgdereduksjon av kratt/skog som er til ulempe for jordbruket og varsom hogst av skog til eige bruk i tida 1. november til 1. mars.
5.Bygging av pumpehus, legging av leidninger for vatningsanlegg, setje opp gjerde m.m.
6.Rydding av vegetasjon m.m. i samsvar med godkjent forvaltningsplan, eller når føremålet med vernet krev det.
7.Forsiktig tilrettelegging/restaurering av landskapet etter flaumsenking, vegbygging og dyrking.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med føremålet med fredninga. Det kan utarbeidast forvaltningsplan som skal innehalde retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredningsforskrifta når føremålet med fredninga tilseier det, for vitskaplege granskingar og arbeid som er av vesentleg verdi for samfunnet, og i andre særskilde høve når det ikkje strir imot føremålet med fredninga.

IX

Forvaltninga av fredningsforskrifta er lagt til fylkesmannen i Hordaland.

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.