Forskrift om fredning av Bjoreidalen naturreservat, Eidfjord kommune, Hordaland.

DatoFOR-1995-12-15-1070
PublisertII 1995 490
Ikrafttredelse15.12.1995
Sist endret
Endrer
Gjelder forEidfjord kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Eidfjord

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 15. desember 1995 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jfr. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jf. § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit fjell- og våtmarksområde i Eidfjord kommune, Hordaland fylke, freda som naturreservat ved kgl. res. av 15. desember 1995 under namnet «Bjoreidalen naturreservat».

II

Det freda området femner om følgjande gnr./bnr.: 13/20, 18/6, 18/9, 20/1, 20/2, 20/3, 20/4, 24/7 og 24/9.

Reservatet dekkjer eit areal på 4795 dekar der ca 4316 dekar er landareal.

Grensene for naturreservatet går fram av vedlagte kart i målestokk 1:50000, datert Miljøverndepartementet november 1995. Kartet og fredningsforskrifta er arkiverte i Eidfjord kommune, hos fylkesmannen i Hordaland, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkjast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet er å frede eit fjell- og våtmarksområde med hekkefunksjon for eit rikt og sårbart fugleliv.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot alle former for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.Dyre- og fuglelivet, herunder reirplassar og hiområde er freda mot skade og øydelegging. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band.

Utsettjing av vilt er forbode.

3.Det må ikkje settast i verk tiltak som kan endre dei naturlege tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna tilførsle av konsentrerte forureiningar, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.I tida f.o.m. 20. mai t.o.m. 20. juli er all ferdsle utanom særskilt oppmerka stiar i reservatet forbode.
5.Bruk av sykkel, hest og kjerre og organisert riding utanom eksisterande stiar er forbode.
6.Idrottsarrangement, jaktprøver og organisert bruk av naturreservatet er forbode.
7.Camping, teltslaging og oppsettjing av kamuflasjeinnretningar i tida f.o.m. 20. mai t.o.m. 20. juli er forbode.
8.Motorisert ferdsel er forbode. Start og landing av luftfartøy, medrekna lågtflyging under 300 meter, er forbode.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, rednings, politi-, brannvern-, oppsyn-, skjøtsel- og forvaltningsverksemd, og naudsynt motorisert ferdsel i samband med dette.
2.Beite som ved vernetidspunktet, tilsyn med beitedyr, samt naudsynt bruk av gjetarhund.
3.Vedlikehald av stølshus og hytter som var bygde på vernetidspunktet. Det skal vere høve til å rekonstruere eldre bygningar på eksisterande grunnmurar.
4.Teltslaging innafor ein radius på 30 meter frå stølshusa i tida med forbod mot teltslaging.
5.Jakt på hønsefugl, hjortevilt, hare, raudrev og mink i samsvar med kap. IV, nr. 4.
6.Sanking av bær og sopp i samsvar med kap. IV, nr. 4.
7.Motorisert ferdsel på snødekt mark i vinterhalvåret.
8.Fiske.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Felling av vilt som gjer særleg skade.
2.Naudsynt motorisert ferdsel i samband med aktivitetar nemnt i kap V.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje fredningsføremålet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka, ferdselsavgrensinga og fiske i elva.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredningsforskrifta når føremålet med fredninga tilseier det, for vitskaplege granskingar og arbeid som er av vesentleg verdi for samfunnet, og i andre særskilde høve når det ikkje strir imot føremålet med fredninga.

IX

Forvaltninga av fredningsforskrifta er lagt til fylkesmannen i Hordaland.

X

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.