Forskrift om fredning av Grånosmyrane naturreservat, Aurland og Voss kommunar, Sogn og Fjordane og Hordaland.

DatoFOR-1995-12-15-1071
PublisertII 1995 492
Ikrafttredelse15.12.1995
Sist endret
Endrer
Gjelder for
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Aurland

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 15. desember 1995 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jfr. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jf. § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit fjell- og våtmarksområde i Aurland og Voss kommunar, Sogn og Fjordane og Hordaland fylke, freda som naturreservat ved kgl. res. av 15. desember 1995 under namnet «Grånosmyrane naturreservat».

II

Det freda området femner om følgjande gnr./bnr.: 48/1 i Aurland kommune og 150/3 og 150/4 i Voss kommune.

Reservatet dekkjer eit areal på 3350 dekar der ca 3015 dekar er landareal.

Grensene for naturreservatet går fram av vedlagte kart i målestokk 1:50000, datert Miljøverndepartementet november 1995. Kartet og fredningsforskrifta er arkiverte i Aurland og Voss kommunar, hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane og fylkesmannen i Hordaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkjast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet er å frede eit fjell- og våtmarksområde med hekkefunksjon for eit rikt og sårbart fugleliv.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot alle former for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.Dyre- og fuglelivet, herunder reirplassar og hiområde er freda mot skade og øydelegging. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band.

Utsettjing av vilt er forbode.

3.Det må ikkje settast i verk tiltak som kan endre dei naturlege tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna tilførsle av konsentrerte forureiningar, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Idrottsarrangement, jaktprøver og organisert bruk av naturreservatet er forbode.
5.Camping, teltslaging og oppsetting av kamuflasjeinnretningar i tida f.o.m. 1. juni til 1. august er forbode.
6.Motorisert ferdsel er forbode. Start og landing av luftfartøy, medrekna lågtflyging under 300 meter, er forbode. For vinterhalvåret gjeld elles lova om motorisert ferdsle i utmark og gjeldande reglar.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, rednings-, politi-, brannvern, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd og naudsynt motorisert ferdsel i samband med dette.
2.Beite som ved fredningstidspunktet, tilsyn med beitedyr, samt naudsynt bruk av gjetarhund.
3.Jakt på hønsefugl, hjortevilt, hare og raudrev og mink.
4.Sanking av bær og sopp.
5.Fiske.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som gjer vesentleg skade.
2.Naudsynt motorisert ferdsel i samband med aktivitetar nemnt i kap V.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje fredningsføremålet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka, ferdselsavgrensinga og fiske i elva.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unnatak frå fredningsforskrifta når føremålet med fredninga tilseier det, for vitskaplege granskingar og arbeid som er av vesentleg verdi for samfunnet, og i andre særskilde høve når det ikkje strir imot føremålet med fredninga.

IX

Forvaltninga av fredningsforskrifta er tillagt fylkesmannen i Hordaland.

X

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.