Forskrift til lov om motorferdsel i utmark og vassdrag og nasjonal forskrift til denne, Seljord kommune, Telemark.

DatoFOR-1996-04-18-538
PublisertAvd II 1996 Nr. 6
Ikrafttredelse03.08.1996
Sist endret
Endrer
Gjelder forSeljord kommune, Telemark.
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§5, FOR-1988-05-15-356
Kunngjort
KorttittelForskrift til lov om motorferdsel, Telemark

Kapitteloversikt:

Fastsett av Seljord kommunestyre 18. april 1996 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 5 og forskrift av 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag.

Til lovas § 4 og § 5 b:

Ferdsel med motorfartøy (motordriven båt) kan gjevast løyve til på fylgjande vilkår: 

Seljordsvatnet (14.310 da)

I det indre bassenget (innanfor brua for R-11) er max hastighet 5 knop. Max hastighet er 25 knop med unntak for vannskisport: Fri fartsgrense. 

Sundsbarmvatnet (8.724 da)

Max hastighet for motorkøyretøy på vatnet er 15 knop. 

Gjevarvatnet (1.670 da)

Det vert gjeve løyve til søknad om dispensasjon p.g.a.:

-Næringsinteresser.
-Tilkomst til hytter.

Max hastighet for motorkøyretøy på vatnet er 10 knop. 

Flatsjø (685 da)

Grunnen til søknad om dispensasjon for dette vatnet må vera:

-Næringsinteresser.

Max hastighet for motorkøyretøy 5 knop. 

Ståldalsvatnet (652 da)

Årsaken til søknad om dispensasjon for dette vatnet må vera:

-Næringsinteresser.
-Tilkomst til hytter.

Max hastighet for motorkøyretøy 5 knop. 

Dalsvatn (1.660 da)

Bakgrunnen for søknad om dispensasjon for dette vatnet må vera:

-Næringsinteresser.
-Tilkomst til hytter.

Max hastighet på vatnet er 10 knop. 

Sandsetvatnet (2.132 da)

Max hastighet på vatnet er 15 knop. 

Veisvikvatnet (630 da)

Grunnen til søknad om dispensasjon må her vera:

-Næringsinteresser.
-Tilkomst til hytter. 

For alle vatna gjeld hastighet på 5 knop innanfor 100-meters belte frå land.

Til lovas § 6.

1. Etter skriftleg søknad kan det gjevast dispensasjon for bruk av luftfartøy. Jfr. «serlege grunnar» i lovas § 6.

Søknaden skal innehalde:

-Luftfartøyets namn og registreringsnummer, samt flygarens/flyselskapets namn.
-Føremålet med flyginga.
-Dato/tid for start og landing.
-Staden (gjerne kartfesta) der start og landing skal foregå.

Når det gjeld transport av kjøtt frå elg, er det nok at opplysningane sendast kommunen, formannskapet, etter at kjøttet er frakta ut, dersom jaktlaget har søkt og fått dispensasjon for bruk av luftfartøy.

2. Tilsvarande vert det opna for bruk av motorfartøy (motorbåt). Jfr. «serlege grunnar», lovas § 6.

Slik bruk kan det vera behov for i serlege tilfelle, ved auka hastighet eller bruk av motorbåt der det elles ikkje er tillatt, eller anna bruk enn det lovas § 4, eller kommunens vedtekter, opnar for.

Naudsynt dokumentasjon frå likningsmyndighetane på næring må leggast ved, der dette blir oppgjeve som årsak til søknaden.

Nasjonal forskrift

Forskriftenes § 2

Bruk av motorkøyretøy på barmark. Her er det lova med forskrifter som gjeld. 

Forskriftenes §§ 3, 5 og 6 (snøscooter og beltefartøy)

For søknader om dispensasjon skal fylgjande vilkår gjelde:

-Motorferdsel i utmark og på islagte vassdrag skal berre gjevast i tida 15. oktober til 25. april i året.
-Landskapsvernområdet Brattefjell/Vindeggen skal vernast mest mogleg for motorferdsel, p.g.a. villreinstamma.

Eigne forskrifter for landskapsvernområdet som er under utarbeiding skal gjelde frå den dagen dei vert vedtekne.

-Alle køyretøy som har fått dispensasjon skal ha godkjent løyvemerke. Fylgjande dokument skal fylgje køyretøyet:
-Dispensasjonsskjema.
-Førarkort og vognkort.
-Byggemelding - denne er heimla i lova og treng ikkje dispensasjonsskjema eller løyvemerke.
-Det skal oppgjevast trase for køyringa (m/kartreferanse), der ubrøyta vegar i terrenget skal nyttast så langt råd er.
-Registreringsnummer for køyretøyet skal oppgjevast før evt. disp.løyve vert gjeve.

Klageadgang

Kommunens vedtak skal grunngjevast og vedtaket kan påklagast etter forvaltningslova. Klage skal gå via kommunen til fylkesmannen.