Forskrift om motorisert ferdsel i vassdrag og landing og start med luftfartøy, Sel kommune, Oppland.

DatoFOR-1996-06-24-859
PublisertII 1996 285
Ikrafttredelse01.07.1996
Sist endret
Endrer
Gjelder forSel kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4, LOV-1977-06-10-82-§5
Kunngjort
KorttittelForskrift om motorferdsel i vassdrag, Sel

Fastsett av Sel kommunestyre 24. juni 1996 med heimel i lov av 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4, § 5 bokstav a og b.

1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å regulere høve til motorisert ferdsel i vassdrag og start og landing med luftfartøy i utmark og vassdrag.

2.Verkeområde
a)Forskrifta gjeld i Sel kommune, og innafor verneområde så langt denne forskrifta ikkje kjem i konflikt med vernereglane.
b)Reglane i forskrifta er ikkje til hinder for dei føremål som er nemnd i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4.
c)Reglane i forskrifta er ikkje til hinder for at grunneigar/rettshaver kan vedta strengare reglar enn det som gjeld i denne forskrifta. (Jf. lov om motorisert ferdsel i utmark § 10).
3.Dispensasjon

Etter skriftleg søknad kan rådmannen dispensere frå reglane i denne forskrifta. Vurdering av søknaden skal følgje reglane i § 6 og § 7 i nasjonal forskrift om bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag.

4.Motorisert ferdsel i vassdrag
a)Motorisert ferdsel i vassdrag er ikkje tillete, utanom på Furusjøen. Motorisert ferdsel kan vidare skje i den delen av Lågen og Otta som er farbar.
b)Største tillete motorstyrkje på Furusjøen er 4 hk, i Lågen 6 hk.
c)Motorisert ferdsel i vassdrag skal skje i samband med utøving av landbruksnæring, fiske og fiskestell, transport i samband med jakt og viltstell samt anna utmarksnæring.
5.Start og landing med luftfartøy er ikkje tillete i utmark eller vassdrag

Start og landing med luftfartøy er ikkje tillete i utmark eller vassdrag innan Sel kommune.

6.Ansvar og straff

Brot på denne forskrifta vert straffa etter reglar i lov om motorferdsel i utmark.

7.Ikraftsetting

Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. juli 1996.