Forskrift om motorisert ferdsel i utmark på vinterføre og islagte vassdrag, Sel kommune, Oppland.

DatoFOR-1996-06-24-860
PublisertII 1996 286
Ikrafttredelse01.07.1996
Sist endret
Endrer
Gjelder forSel kommune kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1977-06-10-82, FOR-1988-05-15-356-§3, FOR-1988-05-15-356-§7
Kunngjort
KorttittelForskrift om motorisert vinterferdsel, Sel

Fastsett av Sel kommunestyre 24. juni 1996 med heimel i forskrift av 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag § 3 og § 7.

1.Føremål

Forskrifta skal vise trasear for motorferdsel når det gjeld preparering av løyper, varekøyring m.v. Forskrifta skal vise område som er sårbare for motorferdsel i utmark. Forskrifta skal gje reglar for korleis ferdsla skal skje.

2.Verkeområde

Forskrifta gjeld i Sel kommune, og innafor verneområde så langt denne forskrifta ikkje kjem i strid med vernereglane. Forskrifta gjeld motorferdsel i utmark på vinterføre og på islagte vassdrag.

3.Sårbare område

Sårbare område er område med særlege naturforvaltningsverdiar som er sårbare for motorferdsel i utmark.

Innafor sårbare område skal det ikkje vere høve til å maskinpreparere løyper. Det skal vidare visast ei særleg restriktiv haldning til anna motorisert ferdsel, utan om unnatak som er vist på kartet.

I Sel kommune vert det 2 sårbare område:

1.Rondane
2.Murudalen

Områda er avgrensa på kart dagsett 24. juni 1996.

4.Trasear for ulike føremål

Ein trase er den strekninga der ein bestemt type motorferdsel skjer. Der fleire typar ferdsel er lagt til same trase, må ferdsla skje slik at det ikkje vert konflikt mellom ulike føremål.

Dersom anna ikkje er nemd skal traseane gjeve i denne forskrifta nyttast.

Etter søknad eller på eige initiativ kan kommunen leggje ned eller opprette andre trasear enn det som er vedteke i denne forskrifta. Kommunestyret gjer vedtak i saka.

Dersom anna ikkje er nemd kan traseane nyttast frå den tid snøforholda tillet preparering om hausten til og med 4 dagar etter 2. påskedag.

Rådmannen kan ved særlege arrangement og tilhøve gje dispensasjon for oppkøyring av andre trasear.

5.Trasear for maskinpreparerte skiløyper

I trasear for maskinpreparerte skiløyper kan løypene preparerast med særskilt tråkkemaskin, snøscooter e.l. Traseane er merka på kart dagsett 24. juni 1996. Traseane kan og bli tilrettelagt for hundekøyring.

6.Stikking av upreparerte trasear innafor sårbare område

Stikking av ikkje maskinpreparerte løyper innafor sårbare område kan skje med motorisert køyrety, men kommunen skal på førehand varslast om når køyringa skal skje. Køyringa skal avgrensast til oppsetting av stikk ved sesongstart, og nedtaking av stikk etter endt sesong.

Ved særlege tilhøve kan tilsyn med merkinga skje etter at det er gjeve melding til rådmannen eller vernestyresmakten for Rondane nasjonalpark.

7. Trasear for transport av varer og utstyr

Traseane skal vere hovudtilkomst til hytte og seterområde der tyngda av leigekøyringa skjer. Traseane skal nyttast i størst mogleg grad, men er ikkje til hinder for at transport kan skje til kvar einkelt hytte.

8.Generelle reglar for leigekøyring etter nasjonal forskrift om bruk av motorkjøretøyer, § 5 a
I.All køyring skal skje omsynsfullt og med omsyn til annan aktivitet og interesser i området.
II.All køyring utanom de gjevne formåla er forbode. Der det er gjeve løyve til ervervsmessig transport, framgår føremåla av nasjonal forskrift § 5 a.
III.Køyring kan berre skje innafor dei område/trasear løyvet er gjeve for.
IV.Transporten skal foregå innan det tidsrom som er gjeve i løyvet eller forskrift.
V.Tidsavgrensing: All køyring er forbode mellom kl 23.00 og kl 07.00.
VI.Det skal førast køyrebok som på forlangande skal visast kommunen eller mynda oppsyn. Originalløyvet og køyrebok skal alltid vere med under køyring.
VII.På privat grunn og innafor verneområde må løyvehaver sjølv sørgje for å innhente løyve.
VIII.Køyringa skal skje slik at løyper ikkje vert øydelagt.
IX.Misleghald av dispensasjonen og/eller vilkår sett i denne, samt endra føresetnader kan føre til inndraging av løyvet.
9.Ansvar og straff

Brot på denne forskrifta vert straffa etter reglar i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag.

10.Ikraftsetting

Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. juli 1996.