Forskrift om avgiftsnivå og -ordningar for bruk av område tilrettelagt for friluftsliv, drive av Sjoa elveeigarlag, Sel kommune, Oppland.

DatoFOR-1996-07-01-862
PublisertII 1996 288
Ikrafttredelse01.07.1996
Sist endret
Endrer
Gjelder forSel kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1957-06-28-16-§14, FOR-1996-05-13-857
Kunngjort
KorttittelForskrift om avgiftsnivå og -ordningar, Sel

Kapitteloversikt:

Fastsett av Sel kommunestyre 1. juli 1996 med heimel i lov av 28. juni 1957 nr. 16 om friluftslivet § 14, jf forskrift av 13. mai 1996 nr. 857 om høve til å krevje avgift for bruk av friluftsområde tilrettelagt av Sjoa elveeigarlag langs Sjoa, Sel kommune, Oppland.

I

1.Føremål og verkeområde
1a).Forskrifta skal regulere avgiftsnivå og -ordningar for bruk av område tilrettelagt for friluftsliv, drive av Sjoa elveeigarlag slik at avgiftsnivået ikkje vert urimeleg høgt i høve til den tilrettelegginga som blir gjort.
1b).Forskrifta gjeld ferdsel drive med heimel i den såkalla allemannsretten jf. friluftslova § 2 og § 6.
2.Verketid

Forskrifta gjeld tidsrommet 1. juli 1996 og inntil vidare.

3.Høve til å krevje avgift

Brukarar av dei tilrettelagte område, slik dei er definert i pkt. 1b), kan ikkje avkrevjast avgift for bruk av anlegg tilrettelagt av Sjoa elveeigarlag.

II

Vedtak gjort her kan påklagast til fylkesmannen i tråd med reglane om klagerett på enkeltvedtak nedfelt i forvaltningslova §§ 28 - 32 mv.