Forskrift om fredning av Fjørtoftneset naturreservat, Haram kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-1996-12-13-1216
PublisertII 1996 425
Ikrafttredelse13.12.1996
Sist endret
Endrer
Gjelder forHaram kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Fjørtoftneset naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved kgl.res. 13. desember 1996 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jfr § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit myrområde i Haram kommune, Møre og Romsdal fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 13. desember 1996 under namnet «Fjørtoftneset naturreservat».

II

Det freda området omfattar heile eller delar av følgjande gnr/bnr: 3/9-18,22,23,63,64,73,74,75,77,81.

Reservatet dekkjer eit areal på ca 2256 dekar, derav omlag 1520 dekar sjøareal.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5000, dagsett Miljøverndepartementet september 1996.

Kartet og fredningsforskrifta blir oppbevarte i Haram kommune, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Formålet med fredinga er å ta vare på eit spesielt naturområde med varierte og store verneinteresser. Myrane har verdi som regionalt typeområde. I tillegg er Fjørtoftneset ein viktig hekke-, overvintrings- og trekklokalitet for sjøfugl. Havstrandvegetasjonen er variert og godt utvikla, og har nasjonal verneverdi.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land, også døde buskar og tre, er freda mot ei kvar form for skade og øydeleggjing.

Nye planteartar må ikkje innførast, og det må ikkje fjernast planter eller plantedelar frå reservatet.

2.Alt vilt, også sjøpattedyr med hi, reir og egg er freda mot ei kvar form for skade, øydeleggjing og unødig uroing. Jakt, fangst, bruk av skytevåpen samt slepp av hund er forbode. Utsetjing av vilt er forbode.
3.Det må ikkje iverksettast tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båt, hensetjing av campingvogn o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakk- og vassleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrleggjing, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utslepp av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, dumping av avfall, gjødsling eller bruk av kjemiske plantevernmiddel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Camping, teltslaging og oppsetting av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.
5.Motorisert ferdsel på land er forbode. Forbodet gjeld også lågtflyging under 300 meter, samt bruk av modellfly.

V

Reglane i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd.
2.Vedlikehald av grøfteutlaup som er tekne tidlegare og som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal etter at forvaltningsstyresmakta er varsla.
3.Tradisjonell beiting.
4.Sanking av bær og matsopp.
5.Drift og vedlikehald av Kystverket sine anlegg.
6.Fiske og fangst av sjøskaldyr etter det til ein kvar tid gjeldande lovverk og forskrifter gitt i medhald av dette.
7.Tang- og taretråling etter dei til ei kvar tid gjeldande forskrifter om hausting av tang og tare.

VI

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta bestemmer, kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som gjer vesentleg skade.
2.Motorferdsel i samband med næring.
3.Selektiv sprøyting mot dikesvineblom (Senecio aquaticus).

VII

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med fredingsformålet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som skal innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå fredningsforskrifta når formålet med fredinga krev det, for vitskapelege undersøkingar og arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi, og i andre spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

IX

Forvaltinga av fredningsforskrifta vert lagt til fylkesmannen i Møre og Romsdal.

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.