Forskrift om fredning av Storslettkjølen naturreservat, Rindal og Meldal kommuner, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag.

DatoFOR-1996-12-13-1220
PublisertII 1996 432
Ikrafttredelse13.12.1996
Sist endret
Endrer
Gjelder forRindal og Meldal kommuner, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Storslettkjølen naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsatt ved kgl.res. 13. desember 1996 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jfr § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit myrområde i Rindal kommune, Møre og Romsdal fylke, og Meldal kommune, Sør-Trøndelag fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 13. desember 1996 under namnet «Storslettkjølen naturreservat».

II

Det freda området omfattar heile eller delar av følgjande gnr/bnr:

Rindal kommune: 2/1,3,6, 4/2,3,13,15,20.

Meldal kommune: 104/1 og 122/10.

Reservatet dekkjer eit areal på ca 2125 dekar, derav 95 dekar i Meldal kommune.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5000, dagsett Miljøverndepartementet september 1996.

Kartet og fredningsforskrifta blir oppbevarte i Rindal og Meldal kommunar, hos fylkesmannen i Møre og Romsdal og fylkesmannen i Sør-Trøndelag, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Formålet med fredinga er å ta vare på eit fint utvikla myrkompleks med verdi som nasjonalt typeområde.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon, også døde buskar og tre, er freda mot ei kvar form for skade og øydeleggjing.

Nye planteartar må ikkje innførast, og det må ikkje fjernast planter eller plantedelar frå reservatet.

2.Det må ikkje iverksettast tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, som til dømes oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båt, hensetjing av campingvogn o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakk- og vassleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrleggjing, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utslepp av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførslar, dumping av avfall, gjødsling eller bruk av kjemiske plantevernmiddel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
3.Motorisert ferdsel er forbode.

V

Reglane i punkt IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd.
2.Tradisjonell beiting.
3.Sanking av bær og matsopp.
4.Framkjøring av tømmer på snødekt, frosen mark.

VI

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta bestemmer, kan gje løyve til uttak og planting av skog på fastmark.

VII

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak i samsvar med fredingsformålet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som skal innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå fredningsforskrifta når formålet med fredinga krev det, for vitskapelege undersøkingar og arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi, og i andre spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

IX

Forvaltinga av fredningsforskrifta vert lagt til fylkesmannen i Møre og Romsdal.

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.