Forskrift om freding av Lundarsøyla som naturreservat, Finnøy Kommune, Rogaland.

DatoFOR-1996-12-20-1269
PublisertII 1996 469
Ikrafttredelse20.12.1996
Sist endretFOR-2008-07-18-900
Endrer
Gjelder forFinnøy kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10og§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om naturreservat, Finnøy

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 20. desember 1996 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 18 juli 2008 nr. 900.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jfr. § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit våtmarksområde i Finnøy kommune i Rogaland fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 20. desember 1996 med namnet «Lundarsøyla naturreservat».

II

Det freda området femner om følgjande gnr./bnr.: 65/1, 65/2,65, 66/1, 66/3, 66/4, 66/5 og 66/6,12 i Finnøy kommune.

Reservatet dekkjer eit areal på omlag 324,2 daa, der omlag 175 daa er landareal.

Grensene for naturreservatet er vist på kart i målestokk 1:5000, datert Direktoratet for naturforvaltning juli 2008. Kartet og verneføresegnene vert lagra i Finnøy kommune, hos Fylkesmannen i Rogaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka der dei går over land, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

0Endra med forskrift 18 juli 2008 nr. 900.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit våtmarksområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv. Området er ein viktig hekke-, trekk- og overvintringslokalitet for ulike vannfuglar, og har en særskilt funksjon som raste-, myte- og oppsamlingsplass for grågjess.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot skade og øydelegging.

Nye planteartar må ikkje innførast.

2.Dyrelivet, herunder hi, reir og egg, er freda mot skade, øydelegging og uroing. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band.

Nye dyreartar må ikkje innførast.

3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som til dømes oppføring av bygningar og andre faste innretningar, opplag av båtar, parkering av campingvogner, framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, vassdragsregulering, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller anna konsentrert ureining, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Motorisert ferdsel på land og vatn og flyging under 300 meter er forbode. Forbodet gjeld og bruk av modellbåtar og modellfly. Brettsegling er forbode.
5.Camping, oppsetting av telt og oppsetting av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode.
6.All ferdsle på holmane i Søyla er forbode i tida f.o.m. 1. april t.o.m. 15. august.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd.
2.Fangst av villmink.
3.Tradisjonell beiting, herunder bruk av gjetarhund.
4.Vedlikehald av tidlegare opptatte grøfteavløp som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal, i samråd med forvaltningsstyresmakta.
5.Fiske og bruk av motorbåt i samband med fiske.
6.Vedlikehald av traktorveg.
7.Hogst av eksisterande granplantefelt.
8.Bruk av traktor på veg og motorisert ferdsle i samband med tiltak under pkt. 6.
9.Gjødsling, bruk av plantevernmiddel og fortsatt bruk av dyrka mark inkludert naudsynt motorisert ferdsel på areal nærare bestemt av forvaltningsstyresmakta.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av dyr som gjer skade på jordbruksareal og jakt på einskilde arter.
2.Etablering av nye grøfter for drenering av tilgrensande areal.
3.Bygging av pumpehus, legging av leidningar for vatningsanlegg og oppføring av gjerder.
4.Hogst av ved til eige bruk.
5.Motorisert ferdsle i samband med tiltak under kap. V punkt 4.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer, kan utføre skjøtselsstiltak for å fremje føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast forvaltningsplan som skal innehalde nærare retningslinjer for utføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane når føremålet med fredinga tilseier dette, samt for vitskaplege granskingar, arbeid som er av særleg verdi for samfunnet og i særskilde høve, når dette ikkje strir imot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av forskriften vert lagt til fylkesmannen i Rogaland.

X

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.