Forskrift om fuglelivsfreding ved Landavatnet, Vindafjord kommune, Rogaland.

DatoFOR-1996-12-20-1298
PublisertII 1996 527
Ikrafttredelse20.12.1996
Sist endret
Endrer
Gjelder forVindafjord kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§14, jf. LOV-1970-06-19-63-§21og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om fuglelivsfreding, Vindafjord

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 20. desember 1996 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 14 annet ledd, jf. § 21 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 14, 2. ledd, jf §§ 21 og 23, er fuglelivet ved Landavatnet i Vindafjord kommune i Rogaland fylke freda ved kgl.res. av 20. desember 1996 med namnet «Landavatnet fuglelivsfreding».

II

Det freda området femner om følgjande gnr./bnr.: 120/2, 120/12,13, 121/1, 121/3,26, 126/2, 126/7, 126/4,12 og 126/1,11.

Området med fuglelivsfreding dekkjer et areal på omlag 310 daa.

Grensene for fuglelivsfredingen er vist på kart i målestokk 1:5000, datert Miljøverndepartementet desember 1996. Kartet og verneforskriften vert lagra i Vindafjord kommune, hos fylkesmannen i Rogaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for fuglelivsfredingen skal merkast av i marka der dei går over land, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på det rike fuglelivet i området.

IV

For fuglelivsfredingen gjeld følgjande reglar:

1.Fuglar, herunder reir og egg, er freda mot skade, øydelegging og unødig uroing. Jakt og fangst av fugl er forbode.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Vanleg jordbruksdrift.
2.Fangst av villmink.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til felling av fugl som gjer skade på jordbruksareal og til jakt på einskilde artar.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer, kan utføre skjøtselsstiltak for å fremje føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast forvaltningsplan som skal innehalde nærare retningslinjer for utføring av skjøtselstiltaka. Eventuell skjøtselsplan skal godkjennast av fylkesmannen i Rogaland.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane når føremålet med fredinga tilseier dette, samt for vitskaplege granskingar, arbeid som er av særleg verdi for samfunnet og i særskilde høve, når dette ikkje strir imot føremålet for fredinga.

IX

Forvaltninga av forskriften vert lagt til fylkesmannen i Rogaland.

X

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.