Forskrift om forbod mot motorferdsel i spesielt sårbare områder i Brattefjell/Vindeggenområdet, Seljord, Hjartdal, Tinn og Vinje kommunar, Telemark.

DatoFOR-1996-12-30-1415
PublisertII 1996 611
Ikrafttredelse11.03.1997
Sist endret
Endrer
Gjelder forSeljord, Hjartdal, Tinn og Vinje kommunar, Telemark.
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4a, FOR-1988-05-15-356-§2
Kunngjort
KorttittelForskrift om motorferdsel, Seljord m m

Fastsett av fylkesmannen i Telemark 30. desember 1996 med heimel i forskrift av 15. mai 1988 nr. 356 om bruk av motorkøyretøy i utmark og på vassdrag, § 2 tredje leden, jf. § 3 siste leden.

1.Kalvingsområdet

All motorferdsel innafor eit område i Svafjell, Brattefjell, samt Rjupefjell og Blåfjell/Lekkjenuten avmerka på kart 1:50000, datera november 1996, er forbode i tida frå 1. april til 1. juli. Hytteeigarar innafor området kan gjevast dispensasjon for inntil 2 turar til eiga hytte før 1. april.

2.Vinterbeiteområdet

All motorferdsel innafor eit område i Vindeggen, Mefjell, Langvasstødalen, Månelibrotet og Ørnenuten avmerka på kart 1:50000, datera november 1996, er forbode i tida frå 15. april til 1. juli. Hytteeigarar innafor området kan gjevast dispensasjon for inntil 3 turar til eiga hytte i tida før 15. april.

3.Villreinområdet

All motorferdsel innafor villreinområdet, definera som det kvite på N 50 kart 1:50000, er forbode i tida frå 15. april - 1. juli. Hytteeigarar innafor området kan gjevast dispensasjon for inntil 4 turar til eiga hytte i tida før 15. april.

Turistnæringa har høve til å preparere skiløyper etter godkjente traseer i Svinefjellområdet og Grasfjell fram til 15. april. Fylkesmannen kan for einskilde år fastsette at forbodstida (15. april) under pkt. 2 og 3 byrjar seinare.

Avgrensinga av antal turar til eiga hytte gjeld også i det høve det blir nytta fastbuande som har køyreløyve etter § 5a i den nasjonale føresegna.

Kommunane Seljord, Hjartdal, Tinn og Vinje kan innafor sine eigne kommunegrenser gje dispensasjon i medhald av desse føresegnene og § 7 i den nasjonale føresegna.

Desse forboda gjeld ikkje slike verksemder som nemnt i § 4, 1. leden i motorferdsellova. Denne føresegna tek til å gjelde straks.

Kart, datera desember 1996, med grenseskildring av områda, kan ein få ved å vende seg til miljøvernavdelinga hos fylkesmannen i Telemark eller til kommunane.