Forskrift om motorisert ferdsel i vassdrag og start og landing med luftfartøy, Vågå kommune, Oppland

DatoFOR-1997-03-04-4959
Publisert
Ikrafttredelse04.03.1997
Sist endretFOR-2014-03-11-311
Endrer
Gjelder forVågå kommune, Oppland
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4, LOV-1977-06-10-82-§5
Kunngjort27.03.2014   kl. 15.30
KorttittelForskrift om motorisert ferdsel, Vågå

Heimel: Fastsett av Vågå kommunestyre 4. februar 1997 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4 og § 5. Endra med forskrift 11 mars 2014 nr. 311, heile forskrifta gjengitt.

§ 1.Formål

Formålet med forskrifta er å regulere motorferdsel i vassdrag og start og landing med luftfartøy i kommunen, med sikte på å verne om naturmiljøet og fremje trivselen.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld i Vågå kommune. Den gjeld også område i kommunen som er verna etter naturvernlova, så lenge den ikkje kjem i konflikt med vernereglane.

Reglane i forskrifta er ikkje til hinder for den motorferdsel som er direkte heimla i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, § 4, fyrste ledd.

Forskrifta innskrenkar ikkje adgangen grunneigar har etter gjeldande rettsreglar til å forby eller avgrense motorferdsel på eigedomen, jf. lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, § 10.

§ 3.Motorisert ferdsel i vassdrag
a.Ferdsel med motorbåt er ikkje lov med større motorkraft enn 10 hk.

Det kan også nyttast elektrisk båtmotor med effekt tilsvarande inntil 10 hk motor.

Slik ferdsel er lov på Nedre Heimdalsvatn, Lalmsvatnet, Flatningen, Lemonsjøen, Nedre Sjodalsvatnet, Øvre Sjodalsvatnet, Gjende.

På Bessvatnet og Russvatnet er det ikkje lov med større motorkraft enn 6 hk.

På Gjende, Bessvatnet og Russvatnet gjeld særlege reglar i forhold til verneforskrifta for Jotunheimen nasjonalpark. Lalmsvatnet er definert frå den nye Lalmsbrua til Holungsøy camping.

b.På Gjende gjeld ikkje reglane i pkt. a for rutebåt «Gjendebåtane», båtferdsel som er heimla i verneforskrifta for Jotunheimen nasjonalpark, samt gjeldande dispensasjonar frå verneforskrifta.
c.På Vågåvatnet vest for ei rett line mellom Lye og Rundhaugen, og i ein avstand på minst 100 meter frå land, gjeld ikkje nokon motorgrense for ferdsel med båt. Aust for grensa slik som nemnd ovanfor, og i 100 meters-sona frå land, er det berre lov å nytte sakte fart (jf. 6 hk). Grensa mellom Lye og Rundhaugen er vist på kart som vedlegg til forskrifta.
d.Ferdsel med vasscooter, vassjet, aquabike og liknande farkostar, samt utøving av kommersiell høgfartskjøring, er lov innanfor ei sone på Vågåvatnet. Sona strekkjer seg frå nordlegaste landfaste punkt på Tessanden aust for Tessa, og til austre ende av rasteplass ved Ringnesberget, og gjeld heile breidda på vatnet med unntak av 100 meter frå land på kvar side. Sona er vist på kart som vedlegg til forskrifta. Denne motorferdsel er lov i tida 1. juni–15. september.
§ 4.Start og landing med luftfartøy i utmark og vassdrag
a.Med unntak av Vågåvatnet (sjå pkt. b og c nedanfor) er det ikkje lov å lande eller ta av med luftfartøy i utmark og vassdrag i kommunen.
b.Med unntak av området aust for ei rett line mellom Lye og Rundhaugen, er det på Vågåvatnet lov å lande eller ta av med luftfarty på ope eller islagt vatn.
c.Større flyarrangement på Vågåvatnet er lov i ei avgrensa sone utanfor Vistegardane. Sona er vist på kart som vedlegg til forskrifta. Slike arrangement skal meldast til kommunen i god tid. Kommunen kan sette vilkår for flyginga, m.a. tidsavgrensing.
§ 5.Dispensasjon

Etter skriftleg søknad kan rådmannen gje dispensasjon frå reglane i denne forskrifta. Vurdering av søknaden skal følgje reglane i Nasjonal forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark og på islagte vassdrag, § 6 og § 7.

§ 6.Straffeansvar

Brot på denne forskrifta vert straffa etter reglar i lov om motorferdsel i utmark.

§ 7.Ikraftsetting

Denne forskrifta tek til å gjelde frå 4. mars 1997. 

pdf.gif