Forskrift om vern av Kvanndalen landskapsvernområde med plantelivsfreding, Suldal kommune, Rogaland.

DatoFOR-1997-09-26-1043
PublisertII 1997 518
Ikrafttredelse26.09.1997
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forSuldal kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§13, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Kvanndalen landskapsvernområde

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 26. september 1997 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5, § 6 og § 13, jf. § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 §§ 5, 6 og 13 sjå §§ 21,22 og 23, er eit område i Suldal kommune, Rogaland fylke, verna ved kgl.res. av 26. september 1997 som landskapsvernområde med plantelivsfreding under namnet «Kvanndalen landskapsvernområde».

II

Det verna området omfattar heile eller delar av følgjande gnr./bnr. i Suldal kommune: 68/1, 16, 26, 53, 69/1, 3.

Landskapsvernområdet dekker eit areal på omlag 84 km² .

Grensene for landskapsvernområdet går fram av kart i målestokk 1:62000, datert Miljøverndepartementet september 1997. Kart og verneforskrift blir oppbevart i Suldal kommune, hos fylkesmannen i Rogaland, i Miljødirektoratet og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for verneområdet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

III

Føremålet med landskapsvernet er å ta vare på eit særmerkt fjellområde med urørt natur, rikt planteliv med m.a. bergjunker, verdifulle stølsområde, beitelandskap og eldre og nyare kulturminne etter støling, heibeiting, jakt, fiske og fangst. Føremålet er også å ta vare på viktige leveområde for viltet, spesielt å sikre eit samanhengande fjellområde og delar av livsgrunnlaget for den sørlegaste villreinstamma i Europa.

IV

For landskapsvernområdet gjeld følgjande reglar:

1. Landskapet
1.1. Det må ikkje gjerast inngrep som vesentleg kan endra eller innverka på landskapet sin art eller karakter. I dette medrekna:
a)Oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, veg, parkerings- og rasteplassar, oppsetting av autovern, merking og rydding av stiar og løyper, sprenging, uttak, utfylling eller oppfylling av masse, drenering eller tørrlegging, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler, framføring av luftleidningar eller røyrgater, vasstandsreguleringar, plassering av campingvogner, kalking, gjødsling, bruk av kjemiske bekjempningsmiddel e.l. Opplistinga er ikkje fullstendig.
b)Nydyrking, treslagsskifte, granplanting, skogreising og snauhogst er forbode. Det er forbode å felle særmerkte og dekorative tre, gaddar og daude tre som er med på å prega landskapet.
1.2. Reglane i punkt 1.1 er ikkje til hinder for:
a)Vanleg drift av landbruksareala i landskapsvernområdet som ikkje bryt med verneføremålet, herunder oppsetting av gjerde, kve o.l. som er naudsynt for fedrifta, uttak av skog som motsvarar den årlege tilveksten, hogstflater som er mindre enn 2 dekar og som ligg meir enn 40 meter frå kvarandre, vanleg vedlikehald av bygningar og andre anlegg når dette vert tilpassa landskapet og er i tråd med lokal byggeskikk.
b)Vedlikehald av eksisterande stiar og løyper. Forvaltningsstyresmakta kan nekte vedlikehald av eksisterande stiar og løyper når det av omsyn til føremålet med vernet er ønskjeleg å redusere ferdsla i einskilde område.
1.3. Når verksemda kan skje utan at det strir mot føremålet med fredinga kan forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, på nærare vilkår gje løyve til:
a)Endring, ombygging eller utviding av bygningar og andre eksisterande anlegg. For restaurering og gjenoppføring av bygningar og anlegg med kulturhistorisk verdi, må eventuelle løyve gjevast etter samråd med fylkeskonservatoren.
b)Nydyrking, oppføring av bygningar og anlegg tilknytt landbruksdrift når planane er godkjende av landbruksstyresmakta.
c)Anna skogdrift enn nemnd i punkt 1.2. a) når planane er godkjende av landbruksstyresmakta.
d)Bygging av jakt-, fiske- og gjeterbuer som er naudsynt for å sikre ein god næringsmessig utnytting av jakt, fiske og andre utmarksressursar.
e)Bygging av hytter o.l. som er ein del av turløypenettet i fjellet.
f)Etablering av nye stiar og løyper.
2. Plantelivet
2.1. Bergjunker og plantesamfunn med denne arten er verna mot skade og øydelegging som ikkje følgjer av tradisjonell bruk av området til landbruk, vanleg ferdsel, jakt og fiske.
3. Motorferdsel
3.1. Motorisert ferdsel i utmark og i vassdrag er forbode. Flyging lågare enn 300 m over bakken og landing er forbode.

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan likevel gi løyve til motorferdsel i særskilde høve.

3.2. Reglane i punkt 3.1. er ikkje til hinder for:
a)Motorferdsel i samband med jord- og skogbruksnæring (jakt, fangst, fiske og bærsanking blir her ikkje rekna som næring) dersom marka er så frosen at køyretyet ikkje gjer skade.
b)Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i rednings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsøyemed.
c)Motorferdsel i samband med vanleg vedlikehald og drift av kraftliner og installasjonar.
4. Større, organiserte arrangement
4.1. Større organiserte arrangement er forbode. Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gje løyve i særskilde tilfelle.
4.2. Punkt 4.1. er ikkje til hinder for gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i rednings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsøyemed.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for gjennomføring av Tverrå-prosjektet i henhold til konsesjon.

VI

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremme verneformålet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som kan innehalde nærmare retningslinjer for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VII

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjere unntak frå vernereglane når føremålet med fredinga krev det, og dessutan for vitskaplege undersøkingar, arbeid som er særleg viktig for samfunnet og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

VIII

Forvaltninga av forskrifta vert lagt til fylkesmannen i Rogaland.

IX

Desse reglane trer i kraft straks.