Forskrift om vern av Holmavassåno biotopvernområde, Suldal kommune, Rogaland.

DatoFOR-1997-09-26-1044
PublisertII 1997 521
Ikrafttredelse26.09.1997
Sist endret
Endrer
Gjelder forSuldal kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§7
Kunngjort
KorttittelForskrift om Holmavassåno biotopvernområde

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 26. september 1997 med heimel i lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet § 7 andre ledd. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om viltet av 29. mai 1981 nr. 38 § 7, andre ledd er eit område i Suldal kommune, Rogaland fylke verna ved kgl.res. av 26. september 1997 som biotopvernområde under namnet «Holmavassåno biotopvernområde».

II

Biotopvernområdet omfattar heile eller delar av følgjande gnr./bnr. i Suldal kommune: 67/14, 68/1, 16.

Verneområdet dekker eit areal på omlag 23 km² .

Grensene for verneområdet framgår av kart i målestokk 1:62000, datert Miljøverndepartementet september 1997. Kart og verneforskrift blir oppbevart i Suldal kommune, hos fylkesmannen i Rogaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for verneområdet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med biotopvernet er å sikre viktige trekkvegar for villreinen i fjellområdet mellom Kvanndalen landskapsvernområde og Dyraheio landskapsvernområde.

IV

For biotopvernområdet gjeld følgjande reglar:

1.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne produksjonstilhøva, gjera villreinen sitt livsmiljø ringare eller hindre villreinen i å trekkje gjennom området, herunder oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, veg, parkerings- og rasteplassar, oppsetting av autovern, merking og rydding av stiar og løyper, sprenging, uttak eller oppfylling av masse, ny utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler, framføring av luftleidningar eller røyrgater, vasstandsreguleringar, plassering av campingvogner, e.l. Opplistinga er ikkje fullstendig.
2.Større, organiserte arrangement er forbode.
3.Motorisert ferdsel i utmark er forbode. Flyging lågare enn 300 m over bakken og landing er forbode.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i rednings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsøyemed.
2.Vanleg vedlikehald og drift av kraftliner og installasjonar.
3.Gjennomføring av Tverrå-prosjektet i henhold til konsesjon.
4.Vanleg drift av landbruksareala i biotopvernområdet som ikkje bryt med verneføremålet, herunder oppsetting av gjerde, kve o.l. som er naudsynt for fedrifta og vanleg vedlikehald av bygningar og andre anlegg når dette vert tilpassa landskapet og lokal byggeskikk. Bruk av motorisert framkomstmiddel i utmark er likevel forbode.
5.Vedlikehald av eksisterande stiar og løyper. Forvaltningsstyresmakta kan nekte vedlikehald av eksisterande stiar og løyper når det av omsyn til føremålet med vernet er ønskjeleg å redusere ferdsla i einskilde område. Bruk av motorisert framkomstmiddel i utmark er likevel forbode.
6.Motorferdsel i samband med jord- og skogbruksnæring (jakt, fangst, fiske og bærsanking blir her ikkje rekna som næring) dersom marka er så frosen at køyretyet ikkje gjer skade.

VI

Når verksemda kan skje utan at det strir mot føremålet med vernet, kan forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, på nærare vilkår gje løyve til:

1.Endring, ombygging eller utviding av vegar, bygningar og andre anlegg. For restaurering og gjenoppføring av bygningar og anlegg med kulturhistorisk verdi, må eventuelle løyve gjevast i samråd med fylkeskonservatoren.
2.Bygging av jakt, fiske- og gjeterbuer som er naudsynt for å sikre ein god næringsmessig utnytting av jakt, fiske og andre utmarksressursar.
3.Etablering av nye stiar og løyper.
4.Motorferdsel i utmark og landing med luftfartøy.
5.Større, organiserte arrangement.

VII

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjere unntak frå vernereglane når føremålet med fredinga krev det, og dessutan for vitskaplege undersøkingar, arbeid som er særleg viktig for samfunnet og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

VIII

Forvaltninga av forskrifta vert lagt til fylkesmannen i Rogaland.

IX

Desse reglane trer i kraft straks.