Forskrift om landing og start med luftfartøy i utmark, Tinn kommune, Telemark.

DatoFOR-1997-10-16-1526
PublisertII 1998 321
Ikrafttredelse01.12.1997
Sist endret
Endrer
Gjelder forTinn kommune, Telemark.
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§5
Kunngjort
KorttittelForskrift om luftfartøy i utmark, Tinn

Fastsett av Tinn kommunestyre 16. oktober 1997 med heimel i lov av 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag av § 5 første ledd bokstavpunkt a.

§ 1.Landing og start med luftfartøy er berre tillate når vilkåra i denne forskrifta er oppfyllte.

Forskrifta innskrenkar ikkje bruk av luftfartøy i samsvar med § 4, 1. ledd bokstavpunkt a - f i motorferdsellova. Når det føreligg særlege grunnar er det og framleis høve til å søkja løyve etter motorferdsellova sin § 6, 1. ledd.

Plikta til å innhente løyve frå grunneigar vert ikkje endra.

§ 2.Landing og start med luftfartøy er tillate:
a)I dei delane av Tinnsjå og Møsvatn som ligg i Tinn kommune.
b)På Mårvatn ved Synken (inntil 2 km nord for Mår-dammen) og på Kalhovd-fjorden ved Stegaros (inntil 2 km søraust for vestre Stegaros) og Kalhovddammen, når formålet er naudsynt transport i samband med jakt, fiske og annan utmarksnæring.
c)I Hardangervidda nasjonalpark når dette skjer med heimel i verneforskrifta for nasjonalparken.
§ 3.I særlege tilfelle kan kommunen gjera unntak frå reglane i denne forskrifta.

Slike vedtak kan berre gjerast med verknad for inntil eitt år.

§ 4.Denne forskrifta vert gjort gjeldande frå 1. desember 1997.

Forhold som ikkje kjem inn under denne forskrifta vert regulera av motorferdsellova med nasjonal forskrift. Vedtak fatta med heimel i denne forskrifta kan påklagast til fylkesmannen.