Forskrift om bruk av motorfartøy i utmark og vassdrag, Tinn kommune, Telemark.

DatoFOR-1997-10-16-1527
PublisertII 1998 321
Ikrafttredelse01.12.1997
Sist endret
Endrer
Gjelder forTinn kommune, Telemark.
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4
Kunngjort
KorttittelForskrift om motorfartøy i utmark, Tinn

Fastsett av Tinn kommunestyre 16. oktober 1997 med heimel i lov av 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4 tredje ledd siste punktum.

§ 1.Denne forskrifta innskrenkar høve til ferdsel på vassdrag større enn 2 km² som § 4, 3. ledd i motorferdsellova opnar for. Forskrifta gjeld for reguleringsmagasina til Mår Kraftverk: Mårvatn, Kalhovdfjorden-Viervatn og Kilsfjorden-Gøystvatn. Motorferdsel i fylgje § 4, 1. ledd bokstavpunkt a - f vert ikkje innskrenka. Når det føreligg særlege grunnar er det og framleis høve til å søkja løyve etter motorferdsellova sin § 6, 1. ledd.
§ 2.I vassdraga som er nemnt i § 1, 1. ledd kan motorfartøy berre brukast til fylgjande transportformål:
a)Transport til og frå eigen eigedom for eigar av hytte eller driftshusvære, eller for leigetakar med skriftleg avtale.
b)Fiske for eigar av fiskerett eller dersom eigar leiger ut fiske som utgjer ein del av næringa.
c)Transport for utøvar av villreinjakt med gyldig fellingsløyve i området.
d)Grunneigar eller turistbedrift i området som mot betaling tek på seg båttransport.
e)Organisera oppsyn.
§ 3.I særlege tilfelle kan kommunen gjera unntak frå reglane i denne forskrifta.

Slike vedtak kan berre gjerast med verknad for inntil eitt år.

§ 4.Denne forskrifta vert gjort gjeldande frå 1. desember 1997.

Forhold som ikkje kjem inn under denne forskrifta vert regulera av motorferdsellova med nasjonal forskrift. Vedtak fatta med heimel i denne forskrifta kan påklagast til fylkesmannen.