Forskrift om motorferdsel i villreinen sine leveområde i Tinn kommune sin del av Hardangervidda, Telemark.

DatoFOR-1997-10-16-1528
PublisertII 1998 322
Ikrafttredelse01.12.1997
Sist endret
Endrer
Gjelder forTinn kommune, Telemark
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4a, FOR-1988-05-15-356-§2, FOR-1988-05-15-356-§3, FOR-1988-05-15-356-§7
Kunngjort
KorttittelForskrift om motorferdsel - villrein, Tinn

Fastsett av Tinn kommunestyre 16. oktober 1997 med heimel i forskrift av 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag § 2 tredje ledd, § 3 tredje ledd og § 7 og etter delegeringsvedtak av 10. februar 1997 frå fylkesmannen i Telemark.

§ 1.Denne forskrifta regulerar høve til å drive motorferdsel i villreinen sine leveområde slik viltnemnda i Tinn har avgrensa desse som teljande villreinareal.

Forskrifta innskrenkar ikkje høve til å drive motorferdsel heimla i motorferdsellova sin § 4, 1. ledd bokstavpunkt a - f. Når det føreligg særlege grunnar er det og framleis høve til å søkja løyve etter § 6, 1. ledd i nasjonal forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagte vassdrag.

Forskrifta innskrenkar ikkje plikta til å innhente samtykke frå grunneigar til å køyra på hans grunn.

§ 2.I villreinen sine leveområde, jmf. § 1, er motorferdsel på vinterføre i medhald av den nasjonale forskrifta § 3, 1. ledd bokstavpunkt c - f, berre tillate etter søknad til kommunen.
§ 3.Søknader etter § 2 skal underleggjast ein streng vurdering.

All motorferdsel over tangeområda skal vurderast særleg strengt.

Transport på vinterføre skal skje med utgangspunkt i snøskutertrasear.

§ 4.Leigekøyringsløyver gjeve etter § 5, 1. ledd bokstavpunkt a i nasjonal forskrift for bruk av motorkøyretøy i utmark og på islagte vassdrag gjeld i villreinen sine leveområde berre for snøskutertraseane og kortaste veg frå desse fram til målet for transporten, jmf. § 1 og § 3.
§ 5.Køyreløyver etter § 5, 1. ledd bokstavpunkt c og e i nasjonal forskrift vert avgrensa til å gjelde 8 turar i året.
§ 6.All motorferdsel på snøføre som ikkje er direkte heimla i § 4, 1. ledd bokstavpunkt a - f i motorferdsellova, er ikkje tillaten i tida 1. mai til 1. desember.
§ 7.I særlege tilfelle kan kommunen gjera unntak frå reglane i denne forskrifta.

Slike vedtak kan berre gjerast med verknad for inntil eitt år.

§ 8.Denne forskrifta gjeld frå 1. desember 1997.

Forhold som ikkje kjem inn under denne forskrifta vert regulera av motorferdsellova med nasjonal forskrift. Vedtak fatta med heimel i denne forskrifta kan påklagast til fylkesmannen.