Forskrift om fredning av Smådaladn naturreservat, Vang kommune, Oppland.

DatoFOR-1997-12-12-1344
PublisertII 1997 781
Ikrafttredelse12.12.1997
Sist endret
Endrer
Gjelder forVang kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Smådaladn naturreservat, Vang

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 12. desember 1997 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, § 8, jfr. § 10 og §§ 21, 22 og 23 er eit naturområde i Vang kommune i Oppland fylke freda som naturreservat ved kongeleg resolusjon av 12. desember 1997 under nemninga «Smådaladn naturreservat».

II

Naturreservatet omfattar Smådalen sameige gnr/bnr: 9002/6.

Naturreservatet dekker eit areal på omlag 32,4 km². Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:20.000, datert Miljøverndepartementet november 1997.

Kartet og fredingsforskrifta vert oppbevarte i Vang kommune, hos fylkesmannen i Oppland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for naturreservatet skal merkast i marka og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å bevare eit særeige og ope landskap og eit naturhistorisk interessant område med viktige kvartærgeologiske formelement, mellom anna eit velutvikla morenesystem av verdi for forsking og undervisning.

IV

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne forholda, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, fråsetting av campingvogn, brakker o.l., framføring av luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, uttak, lagring, planering eller utfylling av masse, ulike former for graveverksemd og overflatearbeid, drenering og anna form for tørrlegging, utføring av kloakk eller andre konsentrerte forureiningstilførsler, attlegging av avfall. Opplistinga er ikkje uttømmande.
2.Motorisert ferdsel på barmark er forbode.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvalting.
2.Motorisert ferdsel som er naudsynt for utøving av skogskjøtsel og hogst dersom dette ikkje medfører varige spor i undergrunnen.
3.Motorisert ferdsel for å bringe felt elg og hjort ut av reservatet dersom dette ikkje medfører varige spor i undergrunnen.

VI

Forvaltningsstyresmakta eller den forvaltningsstyresmakta fastsett kan etter søknad gje løyve til:

1.Oppsetting av gjerde.
2.Vedlikehald av verdifulle kulturminne.

VII

Forvaltingsstyresmakta eller den forvaltingsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremme fredingsføremålet. Det bør utarbeidast forvaltingsplan, som kan innehalde nærmare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå fredingsforskrifta når formålet med fredinga krev det, for vitskapeleg undersøkingar og arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi, og i andre spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

IX

Forvaltinga av fredingsforskrifta vert lagt til fylkesmannen i Oppland.

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.