Forskrift om Geitaknottane naturreservat, Fusa, Kvam og Kvinnherad kommunar, Hordaland.

DatoFOR-1997-12-19-1353
PublisertII 1997 796
Ikrafttredelse19.12.1997
Sist endret
Endrer
Gjelder forFusa, Kvam og Kvinnherad kommunar, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Geitaknottane naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 19. desember 1997 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10, § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. 

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr 63 § 8, jf § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit område i Fusa, Kvam og Kvinnherad kommunar, Hordaland fylke, freda som naturreservat ved kgl.res. av 19. desember 1997 under namnet «Geitaknottane naturreservat».

I

Det freda området vedkjem følgjande gnr./bnr.:

Fusa: 122/1, 122/2 og 122/6.

Kvam: 146/1, 146/2 + 10, 146/3, 146/6 og 146/9.

Kvinnherad: 40/1, 40/2 + 6 + 9, 40/3, 40/8, 41/1 + 9, 41/2, 41/3, 41/4, 41/6, 41/7, 41/11, 159/1, 159/2, 160/1, 160/2, 161/1, 161/2, 162/1, 162/2 + 4, 162/3 + 5 og 162/6.

Reservatet dekkjer eit totalareal på om lag 14.040 dekar.

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:20.000 datert Miljøverndepartementet desember 1997. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

Fredingsforskrift med kart vert oppbevart i Fusa, Kvam og Kvinnherad kommunar, hjå fylkesmannen i Hordaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

II

Formålet med fredinga er å sikre flora og fauna i eit større og relativt urørt område som strekkjer seg frå lågland til fjell. I området finst både typiske, sjeldne og sårbare plante- og dyreartar, t.d. den rikaste førekomsten av stor salamander som er kjent i landet og den sjeldne planta kongsbregne, som veks fleire stader i området.

III

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon, medrekna daude busker og tre, er freda mot skade og øydelegging med dei unntak som følgjer av kap. V-VII.

Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting eller såing er forbode.

2.Alt dyreliv er freda mot skade og øydelegging med dei unntak som følgjer av kap. V-VII.

Det er forbode å føre inn dyreartar.

3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller konsentrerte forureiningstilførsler, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Idrettsarrangement, jaktprøver og anna organisert bruk av naturreservatet er forbode.
5.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode.
6.Etablering av nye båtplassar er forbode.
7.Utsetjing av fisk i dammar og tjørn er forbode.
8.Motorisert ferdsel på land og vatn er forbode. Start og landing med luftfarty, medrekna lågtflyging under 300 meter, er forbode. Forbodet gjeld òg bruk av motor på modellfly, modellbåt etc.

IV

Reglane i kap. III er ikkje til hinder for:

Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning.

V

Reglane i kap. III, nr. 1-7 er ikkje til hinder for:

1.Sanking av bær og matsopp.
2.Fiske og jakt.
3.Beite.
4.Vedlikehald av vegar, driftevegar, luftleidningar og bygningar som er i bruk på fredingstidspunktet.
5.Dagens vassdragsregulering.
6.Gjennomføring av geologiske undersøkingar og målingar som ikkje set synlege spor i terrenget.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorferdsle i samband med aktivitetar som er nemde i kap. V.
2.Avgrensa bruk av reservatet i undervisningssamanhang.
3.Forsiktig vedhogst i samband med bruk av hytter i reservatet.
4.Opprusting av eksisterande kraftleidning.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje verneformålet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som kan innehalde nærmare retningslinjer for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane når formålet med fredinga krev det, og dessutan for vitskapelege undersøkingar, arbeid som er særleg viktig for samfunnet og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av forskrifta vert lagt til fylkesmannen i Hordaland.

X

Forskrifta trer i kraft straks.