Forskrift om freding av Osen som naturreservat, Gaular kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1997-12-19-1378
PublisertII 1997 846
Ikrafttredelse19.12.1997
Sist endret
Endrer
Gjelder forGaular kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22og§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Osen naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 19. desember 1997 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jfr. § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit våtmarksområde ved Bygstad i Gaular kommune i Sogn og Fjordane fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 19. desember 1997 under namnet «Osen naturreservat».

II

Det freda området femner om følgjande gnr./bnr.: 93/1,2, 94/1,2 og 95/1.

Reservatet dekkjer eit areal på omlag 527 da. Av dette er omlag 17 da landareal.

Grensene for naturreservatet er vist på kart i målestokk 1:5.000, datert Miljøverndepartementet desember 1997. Kartet og verneforskrifta vert lagra i Gaular kommune, hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka der dei går over land, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit våtmarksområde med naturleg tilhøyrande vegetasjon og dyreliv, særleg med omsyn til dei mange funksjonane området har for våtmarksfugl, deltaområdet som naturtype og dei botaniske verneinteressene knytt til undervassengene av plantearten stilkvasshår.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon i vatn og på land er freda mot alle former for skade og øydelegging. Nye planteartar må ikkje innførast.
2.Alt vilt (også sjøpattedyr), hi, reir og egg er freda mot alle former for skade, øydelegging og uturvande uroing. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band. Utsetting av vilt er ulovleg.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre dei naturgjevne tilhøva, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, opplag av båtar, parkering av campingvogner o.l., framføring av nye luftleidningar, jordkablar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, ny utføring av kloakk eller anna tilførsle av konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Motorisert ferdsel på vatn og lågtflyging under 300 m over reservatet er forbode. Forbodet gjeld òg bruk av modellbåtar og modellfly. Bruk av seglbrett er forbode.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i rednings-, ambulanse-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningssamanheng.
2.Vedlikehald av eksisterande grøfter som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal i samråd med forvaltningsstyresmakta.
3.Bruk av motorbåt i samband med busetnad og næringsverksemd.
4.Fiske og bruk av motorbåt i samband med dette.
5.Bruk av naust og båtplassar.
6.Parkering på et nærare avgrensa område som vert fastsett i forvaltningsplan.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:

1.Felling av vilt som gjer vesentleg skade.
2.Opparbeiding av nye grøfter for drenering av tilgrensande areal.
3.Bygging av naust, pumpehus, legging av leidningar for vatningsanlegg, oppføring av gjerde m.v.
4.Rydding av vegetasjon m.v. i medhald av godkjend forvaltningsplan, eller når føremålet med fredinga tilseier det.
5.Rydding av lausmassar i elveløpet i medhald av godkjend forvaltningsplan, eller når føremålet med fredinga tilseier det.

VII

Forvaltningsstyresmakta eller den som forvaltningsstyresmakta gjev løyve, kan gjennomføre forvaltningstiltak i samsvar med føremålet med fredinga. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som skal innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av forvaltningstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå verneforskrifta når føremålet med fredinga krev det, og for vitskaplege granskingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet og i andre særlege tilfelle, når dette ikkje strid mot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av forskrifta er lagt til fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

X

Forskrifta trer i kraft straks.