Forskrift om freding av Hopsfjellet som naturreservat, Sveio kommune, Hordaland.

DatoFOR-1998-06-05-549
PublisertII 1998 471
Ikrafttredelse05.06.1998
Sist endret
Endrer
Gjelder forSveio kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Hopsfjellet naturreservat, Sveio

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 5. juni 1998 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8 jf. § 10, § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jfr. § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit barskogområde i Sveio kommune, Hordaland fylke, freda som naturreservat ved kgl. res. av 5. juni 1998 under namnet «Hopsfjellet naturreservat».

II

Det freda området femner om følgjande gnr./bnr. i Sveio kommune: 25/2, 25/3, 26/1, 26/3, 114/5, 115/1 og 116/1.

Reservatet dekkjer eit areal på 1630 dekar.

Grensene for reservatet går fram av kart i målestokk 1:10.000, datert Miljøverndepartementet mai 1998. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkjast i marka. Knekkpunkta bør koordinatfestast.

Kart og forskrift om freding finst i Sveio kommune, hjå fylkesmannen i Hordaland, Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

III

Føremålet med vernet er å ta vare på eit skogområde med alt dyre- og planteliv og med alle dei ulike økologiske prosessane. Av særleg interesse her er å ta vare på eit område for forsking på ulike suksesjonar etter ein skogbrann.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.All vegetasjon, også daude plantar og plantedelar, er verna mot skade og øydelegging med dei unntaka som følgjer av kap. V-VII. Det er forbode å fjerna planter eller plantedelar frå reservatet. Nye plantearter må ikkje innførast. Planting/såing av tre er ikkje lov.
2.Alt dyreliv, deira hi, reir og egg er verna mot alle former for skade og øydelegging. Utsetjing av dyreartar er forbode.
3.Det må ikkje setjast i gang tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, plassering av campingvogn, bygging av vegar, drenering og andre former for tørrlegging, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller konsentrerte forureiningstilførsler, lagring av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske middel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Idrettsarrangement, jaktprøver og organisert bruk av reservatet er forbode.
5.Motorisert ferdsel er forbode. Start og landing av luftfarty er forbode.
6.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode.
7.Opplag av båt er forbode.
8.Bålbrenning er forbode.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak til ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsøyemed inklusive naudsynt motorisert ferdsel.
2.Sanking av bær og matsopp
3.Fiske og jakt
4.Beiting som på vernetidspunktet. Dersom beiting kjem i strid med verneføremålet, kan dette regulerast gjennom ei ny forskrift.
5.Vedlikehald av anlegg, vegar og kraftlinjer som var bygde på vernetidspunktet. Det må søkjast om løyve til motorferdsle i samband med slike tiltak.
6.Hogst av granplantefelt og spreidd gran.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorisert ferdsel i samband med kap. V pkt. 5. og 6.
2.Organisert bruk av reservatet i undervisningssamanheng.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta avgjer, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje verneføremålet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtselstiltaka.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjera unntak frå fredningsforskrifta når føremålet med fredinga krev det, for vitskaplege granskingar og arbeid av vesentleg verdi for samfunnet, og i andre særskilde høve når det ikkje strir imot føremålet med fredinga.

IX

Forvaltninga av fredningsforskrifta er tillagt fylkesmannen i Hordaland.

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.