Forskrift om freding av Havrå som kulturmiljø, Osterøy kommune, Hordaland.

DatoFOR-1998-12-04-1188
PublisertII 1998 817
Ikrafttredelse04.12.1998
Sist endret
Endrer
Gjelder forOsterøy kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1978-06-09-50-§15, LOV-1978-06-09-50-§20, LOV-1978-06-09-50-§15a, LOV-1978-06-09-50-§16, LOV-1978-06-09-50-§17, LOV-1978-06-09-50-§18, LOV-1978-06-09-50-§21
Kunngjort
KorttittelForskrift om Havrå kulturmiljø, Osterøy

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl. res. 4. desember 1998 med heimel i lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner § 15 og § 20, jf. §§ 15a - 18 og § 21. Fremja av Miljøverndepartementet.

Del 1. Generelle reglar

I

I medhald av lov av 9. juni 1978 nr 50 om kulturminner §§ 15 og 20, jf §§ 15a - 18 og 21, er eit kulturmiljø og enkeltbygningar innanfor eit område på Havrå i Osterøy kommune, Hordaland fylke, freda som eit kulturmiljø ved kongeleg resolusjon av 4. desember 1998 under namnet «Havrå kulturmiljø».

II

Det freda området femnar om følgjande gnr/bnr i Osterøy kommune: 68/1-17.

Fredingsområde dekkjer eit areal på omlag 2000 dekar.

Følgjande eigedomar har enkeltbygningar freda etter kulturminnelova § 15 innanfor området:

1.Felles tørkehus, gnr. 68, bnr. 7, 8 og 9 (bygning 25 på tunplan).
2.Saue-/geiteflor (utløe), gnr. 68, bnr. 8 (bygning 27 på tunplan).
3.Saue-/geiteflor (utløe), gnr. 68, bnr. 9 (bygning 28 på tunplan).
4.Norestova, gnr. 68, bnr. 5 (bygning 14 på tunplan).

Dei freda bygningane si plassering er vist på kart 2 for tunet, datert Miljøverndepartementet desember 1998.

Grensene for kulturmiljøet er vist på kart 1 i målestokk 1:7000, datert Miljøverndepartementet desember 1998. Dei nøyaktige grensene for kulturmiljøet skal merkast av i marka, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

Kart og forskrift om freding finst i Osterøy kommune, hos Hordaland fylkeskommune, hos Riksantikvaren og i Miljøverndepartementet.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på og sikre eit nasjonalt kulturhistorisk og arkitektonisk eineståande fjordgardsanlegg, slik Havrå står fram med eit heilskapleg vestnorsk klyngetun med tilliggjande landbrukslandskap, og der jorda aldri har vore undergitt eit samla jordskifte. Målet er å ta vare på dette kulturmiljøet som ein historisk referanse og ei kjelde til kunnskap og forsking om levekår og driftsform knytt til det førindustrielle landbruket med tilhøyrande binæringar, og å sikra opplevingsverdien av Havrå med innmark og utmark.

Del 2. Kulturmiljø freda etter § 20

IV

For kulturmiljøet som er freda etter § 20 gjeld følgjande reglar:

1.I det freda området må det ikkje utan særskilt løyve frå forvaltningsstyresmakta iverksettjast tiltak eller bruksendringar som kan endre eller innverke på kulturhistoriske, arkitektoniske eller landskapsmessige verdiar eller på annan måte motverke føremålet med fredinga.

Døme på slike tiltak er:

Oppføring av bygningar, tilbygg, anlegg, brakker, gjerde og andre faste innretningar, oppstilling av campingvogner, ny belysning og belegning, heil eller delvis riving av bygningar og bygging av andre tekniske anlegg, murar og gjerde, bygging eller utviding av vegar eller parkeringsplassar, nye landbruksvegar, bakkeplanering, uttak og oppfylling av masse og andre inngrep i landskapet, drenering og anna form for tørrlegging, fjerning, tildekking eller flytting av kulturminne, skogplanting, juletreplanting og pyntegrønt, og avfallsdeponering. Det kan heller ikkje frådelast eller bortfestast grunn til verksemd som kan medføre slike inngrep. Opplistinga er ikkje uttømmande.

2.På bygningar og andre kulturminne er det ikkje tillate å endre ytre detaljar, fargar og materialar.
3.Motorferdsel utanfor eksisterande offentleg og privat veg og parkeringsplassar er ikkje tillate, sjå likevel føresegna i kap V nr 5 og VI nr 5.
4.Organisert verksemd og ferdsel som ikkje følgjer eksisterande vegar og stiar er ikkje tillate. Dette gjeld ikkje grunneigar/rettshavar/gardsstyrar sin ferdsel.

V

Reglane i kap IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, rednings-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd.
2.Istandsetjing og vedlikehald av bygningar og andre kulturminne som vert utført etter tradisjonell metode og teknikk med materiale og dimensjonar tilpassa objektet og perioden si eigenart ein månad etter at forvaltningsstyresmakta er varsla. (For dei bygningane som er freda etter § 15, sjå kap. VIII).
3.Uttak av tømmer som ikkje er i strid med føremålet med fredinga etter at forvaltningsstyresmakta er varsla. Uttak av tømmer til eige bruk kan skje utan slik varsel.
4.Rydding av beite og stiar som er utsette for gjengroing, og styving av tre.
5.Motorisert ferdsel på eksisterande offentleg og privat veg og parkeringsplassar, sjå likevel føresegna kap IV nr 3 og VI nr 5.
6.Organisert ferdsel i undervisningssamanhang av universitetet, høgskular, skular og barnehagar som ikkje medfører vesentleg slitasje på området.
7.Tradisjonell drift av inn- og utmark, inklusive oppsettjing av lette og flyttbare beitegjerde.
8.Beite som på tidspunktet for fredinga.
9.Snøbrøyting og vanleg vedlikehald av eksisterande fylkesveg som m.a. grusing, skraping av vegen, asfaltering, kantskjering, under føresetnaden av at den opprinnelege vegstandarden med bredde og linjeføring ikkje blir endra.
10.Bruk av maskinelt utstyr som motorsager og andre maskin- og slåtteredskap som ikkje medfører varige skader i grunnen.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til tiltak så lenge det ikkje vesentleg er i strid med føremålet med fredinga, jf kulturminnelova § 20, tredje ledd. Dette gjeld m.a.:

1.Tiltak som vil bidra til å tilbakeføre eller forbetre miljøet sin karakter i retning av 1950-nivå, slik som gjenoppbygging av flor (utløe) og andre innretningar, tilbakeføring av detaljar, fargar og materialar på eksisterande bygningar og tiltak i landskapet.
2.Mindre fysiske inngrep i bygningar og tekniske anlegg.
3.Riving av bygg og tekniske anlegg oppførde etter 1950.
4.Bruk av maskinelt utstyr.
5.Nødvendig motorisert ferdsel utanfor eksisterande offentleg og privat veg og parkeringsplassar som grunneigar/rettshavar/gardsstyrar gjer i samband med drift og tilsyn.
6.Forsøksdrift, forsking, museal aktivitet, tilrettelegging og formidling.
7.Gjennomføring av planar for turisme, jordbruk, skogbruk o.l.
8.Oppsettjing av skilt og informasjonsplakatar.
9.Begrensa skogplanting i utmark.
10.Auka eller endra beiteaktivitet.
11.Organisert verksemd.
12.Utbetring og ekstraordinære vedlikehaldstiltak på eksisterande fylkesveg, herunder arbeid som fører til at vegbana blir heva med tilhøyrande utviding av vegen.

Del 3. Freda bygningar etter § 15

VII

For dei enkelte bygningane innanfor kulturmiljøet som er freda etter § 15 må det ikkje utan særskilt løyve frå forvaltningsstyresmakta iverksettjast tiltak eller bruksendringar som kan endre eller innverke på bygningane sin kulturhistoriske eller arkitektoniske verdi eller på annan måte motverke føremålet med fredinga. For dei freda bygningane gjeld og kulturminnelova §§ 15a - 18.

VIII

Reglane i kap VII er ikkje til hinder for:

1.Vanleg vedlikehald av bygningane.

IX

Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til tiltak så lenge det ikkje vesentleg er i strid med føremålet med fredinga, jf kulturminnelova § 15a. Dette gjeld m.a.:

1.Tiltak utover vanleg vedlikehald av bygningane sitt eksteriør, konstruksjonar, interiør med kledning og listverk, og dører og vindauge.

Del 4. Forvaltningstyresmakt, ikraftsetjing o.a.

X

Forvaltningsstyresmakta kan gjennomføre skjøtselstiltak som er nødvendige av omsyn til føremålet med fredinga, jf kulturminnelova § 21. Det bør utarbeidast forvaltningsplan som skal innehalde nærare retningsliner for m.a. gjennomføring av skjøtselstiltak.

XI

Forvaltninga av fredingsforskrifta er lagt til Riksantikvaren eller den Riksantikvaren gjev fullmakt.

XII

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.