Forskrift om friluftsaktivitetar i Njåskogen, Time kommune, Rogaland

DatoFOR-1999-06-14-4974
Publisert
Ikrafttredelse15.10.1999
Sist endret
Endrer
Gjelder forTime kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1957-06-28-16-§2, LOV-1957-06-28-16-§15
Kunngjort
KorttittelForskrift om friluftsaktivitetar i Njåskogen, Time

Heimel: Fastsett av Time kommunestyre 29. september 1998 med heimel i lov 28. juni 1957 nr. 16 om friluftslivet (friluftsloven) § 2 andre ledd og § 15. Stadfesta av fylkesmannen i Rogaland 14. juni 1999.

§ 1.Virkeområde

Forskrifta gjeld for Njåskogen, gnr. 24 bnr. 7, i Time kommune.

§ 2.Føremål

Føremålet med forskrifta er å regulere omfanget og utøvinga av dei friluftsaktivitetane som er omtalte i § 3–§ 11 i denne forskrifta.

§ 3.Riding ag annan bruk av hest

Riding og annan bruk av hest i Njåskogen er berre tillat etter særskilt avtale med Jæren Skoglag for nærare angitt vegstrekning og tidsrom. Eventuelle ridestiar må merkast særskilt. Hest til skogsbruk skal tillatast.

§ 4.Sykling

I Njåskogen er sykling berre tillat på den gjennomgåande turvegen nord-sør som er ein del av sykkelstien kring Frøylandsvatn. Time kommune kan, når det ligg føre naudsynte avtaler, godkjenne sykling på andre turvegar. Dei turvegane som kan nyttast til sykkelsti skal ha tydeleg merking.

Rullestol eller handikapsykkel kan nyttast på alle turvegar i Njåskogen. Barn under 10 år kan sykla på alle turvegane i Njåskogen når dei er i følge med vaksne.

Sykling i Njåskogen skal ta omsyn til turgåare og anna friluftsliv. Det er ikkje lovleg å nytta turvegar i Njåskogen til trening for sykkelløp eller liknande.

§ 5.Campingvognar og bubilar

Overnatting med campingvogn eller bubil er ikkje tillat i Njåskogen. Forbodet gjeld og parkeringsplassene i skogen.

§ 6.Telting

Det er ikkje tillat å slå leir og overnatta med telt i den delen av Njåskogen som ligg mellom RV 505 og Frøylandsvatn.

§ 7.Jakt

Utleige av jakt er ikkje lovleg i Njåskogen. Naudsynt jakt og regulering av viltbestand for å avverga skade på skogen er tillat innanfor reglane i viltlova. (Reguleringsføresegnene § 6).

§ 8.Bål og bruk av open eld

Bål, grilling og annan bruk av open eld er forbudt i Njåskogen året rundt. Grunneigar kan gje løyve til å brenna bål etter særskild søknad.

§ 9.Ferdsel i område synt som naturvernområde i reguleringsplanen

I område synt som naturvernområde i reguleringsplan for Njåskogen er ferdsel, utanom naudsynt ferdsel i samband med landbruksnæring, forbudt i tidsrommet frå 1. april til 1. juli. Forbodet gjeld og ilandstigning frå båt. Fiske som inngår som ein del av kultiveringsarbeidet i Frøylandsvatn er tillat.

§ 10.Hund

I Njåskogen er det bandtvang for hund heile året.

§ 11.Større arrangement

Gjennomføring av større arrangement, som t.d. orienteringsløp, terrengløp, større friluftsmøte og liknande krev særleg løyve frå grunneigar.

§ 12.Endring av forskrifta

Endringar i forskrifta må godkjennast av Time kommune og stadfestas av fylkesmannen. Forslag til endringer skal kunngjerast etter reglane i forvaltningslova.

§ 13.Brot på forskrifta

Brot på reglane i forskrifta kan straffast med bøter i samsvar med reglane i friluftslova, med mindre forholdet ikkje vert ramma av andre straffereglar.

§ 14.Iverksetting

Denne forskrifta trer i kraft frå 15. oktober 1999.