Forskrift om bruk av luftfartøy, Valle kommune, Aust-Agder.

DatoFOR-1999-07-07-847
PublisertII 1999 420
Ikrafttredelse20.09.1999
Sist endret
Endrer
Gjelder forValle kommune, Aust-Agder.
HjemmelLOV-1977-06-10-82
Kunngjort
KorttittelForskrift om bruk av luftfartøy, Valle

Fastsett av Valle kommunestyre 7. juli 1999 med heimel i lov av 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag. 

1. All transport etter denne føresegna skal gå føre seg slik at den er til minst mogeleg skade og ulempe for naturmiljøet. 

2. Det vert gjeve løyve til landing og start med sjøfly på Otra ved Rysstad - Bjørgum og på Flårenden. 

3. Etter søknad kan Rådmannen for eitt år av gongen gje løyve slik at eitt flyselskap får høve til å drive lufttransport (helikopter og sjøfly) i samband med storviltjakt. I vestheia gjeld løyvet kun transport av jaktutbytte medan det i austheia også kan transporterast jegerar og utstyr inn i terrenget til dei nemnde landingsplassane.

All landing ute i terrenget skal gå føre seg på følgjande vatn eller i eit 100 m breitt belte rundt:

Vestheia: Bossvatn.

Austheia: Straumsfjorden, Timrevikvatnet og Fidbekkvatn.

Mistanke om at luftfartøy freistar å oppsøkje dyr, kan føre til inndraging av transportløyvet.

Flyselskapet som får lufttransportløyvet, pliktar å forvisse seg om at grunneigaren der luftfartøyet skal lande, er positiv til transporten. 

4. All transport av kjøt ut av terrenget med helikopter skal skje til landingsplass ved Valle sentrum. Ved transport av jaktutbytte med sjøfly er føresetnaden for løyvet at nemnde landingsplassar ved Rysstad - Bjørgum eller Flårenden vert nytta. Lensmannen i Valle skal for kvar tur ha melding i god tid slik at dei kan kontrollere kjøtet. 

5. Enkeltvedtak etter denne føresegna kan påklagast til fylkesmannen etter forvaltningslovas § 28. 

6. Den som med forsett eller i aktløyse bryt denne føresegna eller medverkar til dette, er strafferettsleg ansvarleg etter § 12 i lov om motorferdsel i utmark.