Forskrift til lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, Hemsedal kommune, Buskerud.

DatoFOR-1999-09-30-1101
PublisertII 1999 510
Ikrafttredelse01.11.1999
Sist endret
Endrer
Gjelder forHemsedal kommune, Buskerud.
HjemmelLOV-1977-06-10-82, FOR-1988-05-15-356
Kunngjort
KorttittelForskrift til lov om motorferdsel, Hemsedal

Kapitteloversikt:

Fastsett av Hemsedal kommunestyre 30. september 1999 med heimel i lov av 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag og forskrift av 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag.

I

Verkeområde:

Denne forskrifta gjeld all motorferdsle i utmark og vassdrag i Hemsedal kommune. Lokal forskrift utfyller dei bestemmelsar som er gjeve i lov av 10. juni 1977 nr. 82 og nasjonal forskrift av 15. mai 1988 nr. 356.

I medhald av lov, § 4 tredje ledd:

Ferdsle med motorfartøy er tillate på vatn ≥ 2 km² , med lovleg motoryting inntil 5 hk. Det er ikkje lov å ferdast på elvestrekk eller vatn < 2 km² , sjølv om desse inngår som del av eit farbart vassdrag.

Innanfor Hemsedal sin del av Tisleifjorden gjeld ikkje begrensning i motoryting for køyring i direkte samband med vannskisport.

På alle andre vatn i kommunen er det berre tillate å bruke motorfartøy til naudsynt transport som fastsett i § 5 b nedanfor. Det er forbod mot bruk av vannscooter i heile kommunen.

I medhald av lov, § 5:

Det vert gjeve generelt løyve til:

a.ferdsle med luftfartøy på
-Tisleifjorden (vestre del).
-Flævatn: Løyvet gjeld berre selskap og einskildpersonar som driv ervervsmessig luftfartsverksemd, og kun i den tida vatnet ikkje er islagt. Det skal gjevast melding om landing og start.
b.bruk av motorfartøy til naudsynt transport på vatn < 2 km² :
-i samband med kultivering av fiskevatn.
-for innanbygdsbuande handverkarar i samband med byggeverksemd i utmark.
-for transport av jaktutbytte i samband med hjorteviltjakta.

Motorstorleik inntil 5 hk.

I medhald av lov, § 6:

Etter søknad kan det mellom anna gjevast løyve til motorferdsel i samband med:

-inntektsmessig transport for innanbygdsbuande handverkarar ved byggeverksemd i utmark.
-landing og start med luftfartøy i områder som ikkje er nemnd under § 5 a.
-garnfiske i vatn < 2 km² .

Løyver gjeve etter § 6 gjeld berre for eit avgrensa tidsrom, og ikkje over 2 år.

Generelt om løyve etter søknad:

-Det kan setjast vilkår i tilknytning til eit løyve.
-Eit løyve vil ikkje innskrenke den adgang grunneigar/rettighetshavar har, etter gjeldande lovverk, til å forby eller begrense motorferdsle på sin eigedom.

Vilkår i medhald av nasjonal forskrift, § 3 og § 7:

1.All køyring utanom angitte føremål i § 2 og § 3 og etter dispensasjon frå § 5 og § 6 er forbode.
2.Det skal i hovudsak køyrast kortaste veg frå vinterbrøyta veg til bestemmelsesstad.
3.Generelt skal all køyring med snøscooter skje etter trase for sumaropen veg, langs skiløyper eller etter særskilt angjeve scootertrase.
4.Køyring etter § 3, bokstav e, skal foregå i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande stig- og løypeplan i kommunen.
5.Misleghald av dispensasjonen og/eller vilkår sett i denne, samt endra forutsetningar, kan føre til inndragning av dispensasjon.
6.Dersom grunnlaget som dispensasjonen vart gjeve på fell bort, opphøyrer dispensasjonen automatisk frå dette tidspunkt.
7.Grunneigar kan begrense/forby køyring på sin eigedom uavhengig av om det er gjeve dispensasjon.
8.Vintersesongen er avgrensa til 1. mai. I særskilte høve kan køyring/transport skje etter denne dato.

Følgjande dokument skal vera med under køyring og visast dersom det vert kravd av politi eller oppsynspersonell:

-dispensasjon, førarkort, vognkort
-byggemelding ved transport etter § 3, bokstav d.

Motorferdsel i utmark og på islagte vassdrag krev at ein opptrer varsamt og tek omsyn. Dermed vil ein, i den grad det er mogleg, unngå skade og ulempe på naturmiljøet.

II Ikrafttredelse

Forskriften trer i kraft 1. november 1999. Frå same tid opphøyrer gjeldande kommunal forskrift av 1. januar 1978.1

1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.