Forskrift om freding av Yddal som naturreservat, Fusa og Kvam kommunar, Hordaland.

DatoFOR-1999-12-17-1433
PublisertII 1999 660
Ikrafttredelse17.12.1999
Sist endretFOR-2008-05-15-841
Endrer
Gjelder forFusa og Kvam kommunar, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Yddal naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 17. desember 1999 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8 og § 10 jf. § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 15 mai 2008 nr. 841.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 §§ 8 og 10 jf. §§ 21, 22 og 23 er eit barskogområde i Fusa og Kvam kommunar i Hordaland fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 17. desember 1999 under namnet Yddal naturreservat.

II

Det freda området vedkjem følgjande gnr./bnr.: 109/1, 109/2, 110/1, 110/2, 110/4, 112/1, 112/2, 112/3, 112/4, 112/9, 114/1, 115/1, 115/2,3, 115/4, 118/1, 118/2, 118/3, 121/1, 121/2, 121/4, 121/8, 121/26, 122/1 og 122/2 i Fusa kommune og 144/1, 144/2, 144/4, 145/1, 145/2, 146/1, 146/2, 146/3 og 146/6 i Kvam kommune.

Reservatet dekkjer eit totalareal på ca. 19 891 dekar.

Grensene for reservatet går fram av kart i målestokk 1:10 000 datert Direktoratet for naturforvaltning mai 2008.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Kartet og fredingsforskrifta blir lagra i Fusa og Kvam kommunar, hos fylkesmannen i Hordaland fylke, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

0Endra med forskrift 15 mai 2008 nr. 841.

III

Formålet med fredinga er å sikre eit skogområde med alt naturleg plante- og dyreliv. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området er eit av dei få gjenverande store barskogområda i Vest-Noreg som framleis er lite påverka, utan moderne vegar og andre tekniske inngrep. Vesentlege delar av området er prega av urørt barskog og ein finn her ein gradient frå lågland til fjell med ein artsrik flora og fauna.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting og såing av tre er ikkje tillate.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Det er ikkje tillate å føre inn nye dyreartar.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av kloakkleidningar og luftleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller tilførsel av konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Motorisert ferdsel, på land og vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfarty.
5.Idrettsarrangement, jaktprøver og annan organisert bruk av reservatet er forbode.
6.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode.
7.Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til fredingsformålet forby eller regulere ferdsel i heile eller delar av reservatet ved forskrift.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning. Motorferdsel i samband med øving krev særskilt løyve.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Jakt.
4.Fiske.
5.Beiting på eit nivå som ikkje er til skade for fredingsformålet.
6.Vedlikehald av anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.
7.Forsiktig vedhogst (plukkhogst) til eige bruk kring hus/hytter.
8.Grunneiernes utnytting av vassdragsrettighetene sine, i samsvar med dagens bruk og under forutsetning av at vannet ikke blir regulert utover tilstanden pr. 1966.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorferdsel i samband med tiltak under kap. V pkt. 3 og 6.
2.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper og gamle ferdselsvegar. Vedlikehald av kulturminne.
3.Avverking av plantefelt og uttak av framande treslag.
4.Avgrensa bruk av reservatet i samband med undervisning.
5.Opplag av båtar.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsformålet. Det kan lagast forvaltningsplan som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når formålet for fredinga krev det, og dessutan for vitskaplege undersøkingar, arbeid som er særleg viktig for samfunnet og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

IX

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsmyndigheita etter denne forskrift.

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.