Forskrift om freding av Gitlandsåsen som naturreservat, Forsand og Strand kommunar, Rogaland.

DatoFOR-1999-12-17-1449
PublisertII 1999 690
Ikrafttredelse17.12.1999
Sist endret
Endrer
Gjelder forForsand og Strand kommunar, Rogaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Gitlandsåsen naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 17. desember 1999 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8 og § 10 jf. § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 §§ 8 og 10 jf. §§ 21, 22 og 23 er eit barskogområde i Forsand og Strand kommunar i Rogaland fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 17. desember 1999 under namnet Gitlandsåsen naturreservat.

II

Det freda området vedkjem følgjande gnr./bnr.: 1/1, 3/1, 4/1, 4/2, 4/3, 4/4, 4/5, 5/1, 5/2, 5/3, 6/1, 6/2, 6/3,4, 7/1,2,3, 7/4, 7/5, 7/6, i Forsand kommune og 57/1,2, 57/3, 57/5, 57/6, 59/1, 59/2, 60/1, 60/2 i Strand kommune.

Reservatet dekkjer eit totalareal på 7147 dekar.

Grensene for reservatet går fram av kart i målestokk 1:10000 datert Miljøverndepartementet desember 1999.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Kartet og fredingsforskrifta blir lagra i Forsand og Strand kommunar, hos fylkesmannen i Rogaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

III

Formålet med fredinga er å sikre eit skogområde med alt naturleg plante- og dyreliv. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området er stort og variert med mye høgproduktiv låglandsskog, der sørvestlege kysttrekk spelar ei stor rolle.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting og såing av tre er ikkje tillate.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Det er ikkje tillate å føre inn nye dyreartar.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av kloakkleidningar og luftleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller tilførsel av konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Motorisert ferdsel, på land og vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfarty.
5.Idrettsarrangement, jaktprøver og annan organisert bruk av reservatet er forbode.
6.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode.
7.Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til fredingsformålet forby eller regulere ferdsel i heile eller delar av reservatet ved forskrift.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning. Motorferdsel i samband med øving krev særskilt løyve.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Jakt.
4.Fiske.
5.Beiting på eit nivå som ikkje er til skade for fredingsformålet.
6.Vedlikehald av anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorferdsel i samband med tiltak under kap. V pkt. 3 og 6.
2.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper og gamle ferdselsvegar. Vedlikehald av kulturminner.
3.Avverking av plantefelt og uttak av framande treslag.
4.Avgrensa bruk av reservatet i samband med undervisning.
5.Opplag av båtar.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsføremålet. Det kan lagast forvaltningsplan som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når formålet for fredinga krev det, og dessutan for vitskaplege undersøkingar, arbeid som er særleg viktig for samfunnet og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

IX

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsmyndigheita etter denne forskrift.

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.