Forskrift om freding av Utstein kulturmiljø, Rennesøy kommune, Rogaland.

DatoFOR-1999-12-17-1452
PublisertII 1999 697
Ikrafttredelse17.12.1999
Sist endret
Endrer
Gjelder forRennesøy kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1978-06-09-50-§20, LOV-1978-06-09-50-§21
Kunngjort
KorttittelForskrift om Utstein kulturmiljø

Kapitteloversikt:

Fastsett ved. kgl.res. 17. desember 1999 med heimel i lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner § 20, jf. § 21. Fremja av Miljøverndepartementet.

Del 1. Generelle reglar

I

I medhald av lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner § 20, jf. § 21 er eit område på Utstein i Rennesøy kommune, Rogaland fylke freda som kulturmiljø ved kgl.res. av 17. desember 1999 under namnet Utstein kulturmiljø.

II

Det freda område omfattar heile eller delar av gnr 54 bnr 1, 5, 6, 9-11, 16, 17, 22-25, 29, 30, 31, 33, 34, 45, 49, 54, 59, 65, 70, 72, 96, 110, 111 og 114 i Rennesøy kommune. Fredinga omfattar også Klostervågen og Fjøløysundet mellom Klosterøy og Fjøløy. I tillegg omfattar fredinga også ei sone i sjø utanfor det freda landarealet, ut til ei maksimal avstand på omlag 220 meter frå land.

Kulturmiljøet dekker eit areal på omlag 2.500 da.

Grensene for fredingsområdet går fram av kart i målestokk 1:10.000, dagsett Miljøverndepartementet desember 1999. Kart og fredingsføresegner er arkivert i Rennesøy kommune, Rogaland fylkeskommune, hjå Riksantikvaren og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene på land skal merkast etter nærare retningsliner frå forvaltingsstyresmakta, og knekkpunkta bør koordinatfestast.

III

Formålet med fredinga er å sikra og ta vare på eit særmerkt og sterkt beiteprega kulturmiljø ved Utstein Kloster av særleg nasjonal verdi med dei kulturhistoriske, landskaps- og landbruksmessige elementa som medverker til å gje området særpreg. Dette omfattar overordna trekk i kulturmiljøet og landskapsbiletet, viktige enkeltelement og samanhengen mellom disse elementa.

IV

Fredinga inneber ikkje endring i fredingsstatus for automatisk freda og vedtaksfreda kulturminne i området, jf kulturminnelova kap. II og kap. V §§ 15-18.

Del 2. Kulturmiljø

V

For kulturmiljøet gjeld følgjande reglar:

1.I det freda området må det ikkje utan særskilt løyve frå forvaltingsstyresmakta iverksettast tiltak, gjerast inngrep eller leggast om til anna aktiv jordbruksdrift som er eigna til å endre eller innverke på kulturhistoriske, arkitektoniske eller landskapsmessige verdiar eller på annan måte motverke formålet med fredinga.

Tiltak som krev særskilt løyve kan til dømes vere:

Etablering av bustadfelt, oppføring eller riving av bygningar, andre anlegg og større tekniske installasjonar m.v., oppføring av tilbygg til eksisterande bygg, anlegg for reiseliv og rekreasjon og utviding av veg for biltrafikk. Nydyrking, fulldyrking og oppgjødsling av ugjødsla areal. Opplistinga er ikkje fullstendig.

I tvilstilfelle er det forvaltingsstyresmakta som avgjer om tiltaket er eigna til å motverke formålet med fredinga.

2.Motorferdsel på land, ferdsel med sykkel og hest utanom opparbeidde vegar og parkeringsplassar er ikkje tillate. Dette gjeld likevel ikkje for grunneigarar og andre i samband med tilsyn og drift. Elles gjeld friluftslovas reglar fullt ut.

VI

Reglane i kap. V er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, rednings-, politi-, brannvern-, oppsyns-, skjøtsel- og forvaltingsverksemd.
2.Vidare utvikling av landbruket og anna næringsmessig bruk og skjøtsel av området som ikkje går ut over omsynet til landskaps- og kulturverdiane (jf. kap III), som t.d. ordinær jordbruksdrift på eksisterande dyrka mark, gjødsla beite og utmark, grøfting og jordarbeiding på tidlegare grøfta og pløyd mark.
3.Grunneigar sitt uttak av og tilplanting av enkeltståande tre.
4.Vanleg vedlikehald av bygningar og anlegg.
5.Vanleg vedlikehald og drift av eksisterande vegar. Dette omfattar ikkje asfaltering av gruslagde vegar.
6.Jakt og fiske i samsvar med gjeldande regelverk.
7.Camping og telting for grunneigarar.
8.Etablering av nye kloakkutslepp i samsvar med gjeldande regelverk. Forvaltningsstyresmakta skal varslast i forkant av tiltaket.
9.Vedlikehald av vasskjelder, avlaupsanlegg, kraftleidningar og andre tekniske anlegg i samsvar med gjeldande regelverk. Forvaltningsstyresmakta skal varslast i forkant av tiltaket.

VII

Forvaltingsstyresmakta kan i særlege tilfelle gje løyve til tiltak som ikkje medfører vesentlege inngrep i det freda området, jf. kulturminnelova § 20 tredje ledd. Dette kan t.d. gjelde:

1.Fulldyrking, overflatedyrking, kultivering til beite på nye område og liknande endring i arealbruken.
2.Hogst av skogsfelt.
3.Leplanting og tilplanting av trelause område.
4.Oppføring av bygningar/tilbygg i tilknyting til eksisterande bygningar, eller riving av bygningar.
5.Bygging av nye steingjerde eller større endring av eksisterande steingjerde.
6.Oppsetting av skilt og andre informasjons- og tilretteleggingstiltak, som t.d. merking av stiar.

Del 3. Forvaltningsstyresmakt, ikraftsetting o.a.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjennomføre skjøtselstiltak som er nødvendige av omsyn til formålet med fredinga, jf kulturminneloven § 21. Det skal utarbeidast forvaltningsplan som skal innehalde nærare retningsliner for t.d. gjennomføring av skjøtselstiltak.

IX

Forvaltinga av fredingsforskrifta er lagt til Riksantikvaren eller den Riksantikvaren gjev fullmakt.

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.