Forskrift om freding av Nordheimsdalen som naturreservat, Aurland kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1999-12-17-1456
PublisertII 1999 706
Ikrafttredelse17.12.1999
Sist endret
Endrer
Gjelder forAurland kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Nordheimsdalen naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 17. desember 1999 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8 og § 10 jf. § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 §§ 8 og 10 jf. §§ 21, 22 og 23 er eit barskogområde i Aurland kommune i Sogn og Fjordane fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 17. desember 1999 under namnet Nordheimsdalen naturreservat.

II

Det freda området vedkjem 57/2 (Aurland nordre statsalmenning) og stølsrettar til 57/1 i Aurland kommune og stølsrettar til 125/1, 129/1, 130/1 og 131/1 i Lærdal kommune.

Reservatet dekkjer eit totalareal på 13300 dekar.

Grensene for reservatet går fram av kart i målestokk 1:50000 datert Miljøverndepartementet desember 1999. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Kartet og fredingsforskrifta blir oppbevarte i Aurland kommune, hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

III

Formålet med fredinga er å sikre eit skogområde med alt naturleg plante- og dyreliv. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området utgjer eit intakt nedbørsfelt med ein skoggradient frå fjøre til fjell, og som har eit uvanleg stort mangfald av ulike furuskogstypar som høyrer heime i dei indre fjordstroka, til dels med eit urskogpreg som truleg er det sterkaste ein finn på Vestlandet.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting og såing av tre er ikkje tillate.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Det er ikkje tillate å føre inn nye dyreartar.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av kloakkleidningar og luftleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller tilførsel av konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Motorisert ferdsel, på land og vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfarty.
5.Idrettsarrangement, jaktprøver og annan organisert bruk av reservatet er forbode.
6.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande veg er forbode.
7.Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til fredingsformålet forby eller regulere ferdsel i heile eller delar av reservatet ved forskrift.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning. Motorferdsel i samband med øving krev særskilt løyve.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Jakt på hjortevilt og ryper.
4.Fiske.
5.Beiting på eit nivå som ikkje er til skade for fredingsformålet.
6.Vedlikehald av anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorferdsel i samband med tiltak under kap. V pkt. 3 og 6.
2.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper og gamle ferdselsvegar.
3.Avverking av plantefelt og uttak av framande treslag.
4.Avgrensa bruk av reservatet i samband med undervisning.
5.Opplag av båtar.
6.Istandsetjing og vedlikehald av eksisterande tømmerheis, veganlegg, kai og andre kulturminne i samråd med fylkeskulturetaten og forvaltningsstyresmakta.
7.Avgrensa uttak av ved og anna trevyrke til bruk på stølar, hytter og kulturminne i naturreservatet, og andre tiltak i samband med bruk og vedlikehald av desse.
8.Uttak av tømmer frå ein avgrensa del av reservatet, til kulturhistorisk dokumentasjon og demonstrasjon.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsformålet. Det kan lagast forvaltningsplan som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når formålet for fredinga krev det, og dessutan for vitskaplege undersøkingar, arbeid som er særleg viktig for samfunnet og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

IX

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsmyndigheit etter denne forskrift.

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.