Forskrift om freding av Sørdalen som naturreservat, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1999-12-17-1457
PublisertII 1999 708
Ikrafttredelse17.12.1999
Sist endretFOR-2015-02-25-174
Endrer
Gjelder forBremanger kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Sørdalen naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 17. desember 1999 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8 og § 10 jf. § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endret ved forskrifter 6 feb 2015 nr. 98, 25 feb 2015 nr. 174.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 §§ 8 og 10 jf. §§ 21, 22 og 23 er eit barskogområde i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 17. desember 1999 under namnet Sørdalen naturreservat.

II

Det freda området vedkjem følgjande gnr./bnr.: 115/sameige og 37/3.

Reservatet dekkjer eit totalareal på om lag 4260 dekar. Ein riksveg deler reservatet i to skilde delar, slik at reservatgrensa på begge sider følgjer eigedomsgrensa for vegen. Elles går grensene for reservatet fram av kart i målestokk 1:10000 datert Miljøverndepartementet desember 1999. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast. Kartet og fredingsforskrifta blir oppbevarte i Bremanger kommune, hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane fylke, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

III

Formålet med fredinga er å sikre eit skogområde med alt naturleg plante- og dyreliv. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at furuskogområdet har uvanleg sterkt urskogpreg.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting og såing av tre er ikkje tillate.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Det er ikkje tillate å føre inn nye dyreartar.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av kloakkleidningar og luftleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller tilførsel av konsentrert forureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Motorisert ferdsel, på land og vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfarty.
5.Idrettsarrangement, jaktprøver og annan organisert bruk av reservatet er forbode.
6.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode.
7.Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til fredingsformålet forby eller regulere ferdsel i heile eller delar av reservatet ved forskrift.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning. Motorferdsel i samband med øving krev særskilt løyve.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Jakt.
4.Fiske.
5.Beiting på eit nivå som ikkje er til skade for fredingsformålet.
6.Vedlikehald av anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.
7.Tapping og manøvrering av regulert vassdrag i samsvar med gjeldande konsesjon.
8.Oppføring av ny 420 kV kraftleding gjennom naturreservatet i samsvar med Olje- og energidepartementets konsesjonsvedtak 21. desember 2011.
9.Drift, vedlikehald og naudsynt istandsetting ved akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg.
10.Naudsynt motorferdsel i samband med akutt utfall på eksisterande energi- og kraftanlegg. Ved bruk av motorisert transport skal det i etterkant sendast melding til forvaltningsstyresmakta.
11.Oppgradering/fornying av kraftledingar for heving av spenningsnivå og auking av linetverrsnitt når dette ikkje fører til vesentlege fysiske endringar i forhold til verneformålet.
0Endret ved forskrift 6 feb 2015 nr. 98.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorferdsel i samband med tiltak under kap. V pkt. 3 og 6.
2.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper og gamle ferdselsvegar.
3.Vedlikehald av kulturminne.
4.Avverking av plantefelt og uttak av framande treslag.
5.Avgrensa bruk av reservatet i samband med undervisning.
6.Opplag av båtar.
7.Utviding og utbetring av vegar og andre tekniske anlegg i samband med det regulerte vassdraget.
8.Naudsynt motorferdsel i samband med drift, vedlikehald, oppgradering og fornying av energi- og kraftanlegg.
9.Oppgradering/fornying av kraftledingar som ikkje fell inn under V nr. 11.
0Endret ved forskrifter 6 feb 2015 nr. 98, 25 feb 2015 nr. 174.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsformålet. Det kan lagast forvaltningsplan som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når formålet for fredinga krev det, og dessutan for vitskaplege undersøkingar, arbeid som er særleg viktig for samfunnet og i spesielle tilfelle dersom det ikkje strir mot formålet med fredinga.

IX

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsmyndigheit etter denne forskrift.

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.