Forskrift om vern av Steinsbuskardet - Hisdal biotopvernområde, Bykle kommune, Aust-Agder.

DatoFOR-2000-04-28-408
PublisertII 2000 271
Ikrafttredelse28.04.2000
Sist endretFOR-2015-11-02-1317
Endrer
Gjelder forBykle kommune, Aust-Agder.
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§7
Kunngjort
KorttittelForskrift om vern av Steinsbuskardet - Hisdal

Kapitteloversikt:

Fastsett ved Kronprinsreg.res. 28. april 2000 med heimel i lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet § 7 annet ledd. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 19 des 2008 nr. 1446, 2 nov 2015 nr. 1317.

I.

I medhald av lov om viltet av 29. juni 1981 nr. 38, § 7 annet ledd, er eit område verna ved kronprinsregentens resolusjon av 28. april 2000 under namnet Steinsbuskardet - Hisdal biotopvernområde. Det verna området ligg i Bykle kommune i Aust-Agder fylke.

II. Avgrensing

Det verna området berører heile eller delar av gnr./bnr.: 7/1,2, 8/1, 9/1,3,5, 10/1,2,3,4, 11/1,2,4, 12/1,2.

Biotopvernområdet dekker eit areal på ca. 33,6 km² .

Grensene for biotopvernområdet framgår av kart i målestokk 1:60 000, datert Miljødirektoratet februar 2015. Kartet og vernereglane blir oppbevarte i kommunen, hjå Fylkesmannen i Aust-Agder, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

Dei nøyaktige grensene for biotopvernområdet skal merkast opp i marka etter nærare tilvising frå forvaltningsstyresmakta. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Steinsbuskardet – Hisdal biotopvernområde har to soner med ferdslerestriksjonar. I sone A, Steinsbuskardet, er det særs viktige trekkrutar for villreinen. Sone B går vidare inn i Hisdal naturreservat. Grensene for sonene framgår av kartet. Miljødirektoratet kan ved forskrift oppheve ferdslereguleringane eller endre grensene for desse sonene.

0Endra med forskrifter 19 des 2008 nr. 1446, 2 nov 2015 nr. 1317.

III. Føremålet

Steinsbuskardet - Hisdal biotopvernområde har til føremål å sikre eit særs viktig heilårs leveområde med trekkvegar og kalvingsområde for villrein i Setesdal Vesthei.

IV. Vernereglar 

1. Naturmiljøet
1.1 Det må ikkje iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne produksjonstilhøva, gjera villreinen sitt livsmiljø ringare eller hindre villreinen sin bruk av området. Dette gjeld til dømes:

Oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, framføring av luftledningar, bygging av vegar og rasteplassar, oppsetting av autovern, drenering og anna form for tørrlegging, framføring av røyr over bakken, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, bergverksdrift, vassdragsregulering, gjødsling, sprøyting med kjemiske midlar, nydyrking, såing, planting, endring av samansetnaden av treslag ved skogkultur og plassering av campingvogner og bubilar. Opplistinga er ikkje uttømmande.

Nye plante- eller dyreartar må ikkje innførast.

1.2 Reglane i 1.1 er ikkje til hinder for:
a)Tradisjonell landbruksdrift, herunder støling, stenging av skårfeste, oppsetting av kve og liknande som er naudsynt for fedrifta.
b)Tradisjonell beiting. Direktoratet for naturforvaltning kan ved forskrift regulere eller forby beite som strir mot føremålet med vernet.
c)Vedlikehald av bygningar, vegar og anlegg.
d)Hogst i samsvar med reglane for hogst i vernskog.
e)Vedlikehald av merka, eksisterande stiar og løyper. Forvaltningsstyremakta kan nekte vedlikehald av eksisterande stier og løyper når det av omsyn til førermålet med vernet er ønskjeleg å redusere ferdsla i einskilde område.
f)Manøvrering av eksisterande regulerte innsjøar i tråd med konsesjonsvilkåra.

Vedlikehald og tilsyn av konsesjonsgjevne kraftanlegg, herunder anleggsvegar, luker, dammar, radiolinkar og kraftliner og radiolinkar, herunder naudsynt auke i linetverrsnitt.

g)Jakt etter viltlova sine reglar.
h)Fiske etter lakse- og innlandsfiskelova.
1.3. Når verksemda eller tiltaket kan skje utan at det strir mot føremålet med vernet, kan forvaltningsstyresmakta på nærare vilkår gje løyve til:
a)Oppattbygging av bygningar som er gått tapt ved brann eller naturskade og oppattbygging av nedfalne bygningar som høyrer med i det tradisjonelle bygningsmiljøet i stølsgrender. Eventuelle vilkår for og utforming av bygningane skal setjast i samråd med fylkeskonservatoren.
b)Mindre tilbygg til eksisterande bygningar.
c)Opparbeiding og merking av nye turstiar og løyper. 
2. Ferdsle (ikkje motorisert ferdsle)

All ferdsle skal skje omsynsfullt og ta særleg omsyn til villreinen.

2.1 I sone A - Steinsbuskardet, er all ferdsle forbode heile året.

I sone B - Hisdal, er ferdsle forbode i tidsrommet f.o.m. 25. april t.o.m. 31. mai.

2.2 Forbodet i pkt. 2.1 er ikkje til hinder for:
a)Forhold som er nemnd i pkt. 4.
b)Ferdsle som følgjer veg og merka løype.
c)Ferdsle som er naudsynt i samband med sanking og tilsyn av sau og ved akutt behov for tilsyn og forebyggingutbetring av skade på kraftanlegg.
d)Naudsynt ferdsle i sone A i samband med tilsyn og vedlikehald av kraftanlegg, sjå pkt 1.2. f, i samråd med forvaltningsstyresmakta.
e)Naudsynt ferdsle for grunneigar for tilsyn av eigedomen sin.
2.3 Arrangørar av større organiserte arrangement, som idrettsarrangement, jaktprøver, store teltleirar og militærøvingar, må søke forvaltningsstyresmakta om løyve til arrangementet.
2.4 Forvaltningsstyresmakta kan gje unntak frå forbodet i pkt. 2.1 i særlege tilfelle når det ikkje strir mot føremålet med vernet, sjå pkt. VI. 
3. Motorisert ferdsle
3.1 Motorisert ferdsle på land er forbode.
3.2 Lågtflyging under 300 m er forbode.
3.3 Unnateke frå reglane i 3.1 og 3.2 er:
a)Motorferdsle på anleggsvegar i tråd med gjevne konsesjonsvilkår.
3.4. Forvaltningsstyresmakta kan gje løyve til:
a)Luft og snøscootertransport som trengst i samband med:
-jord- og beitebruk, t.d. frakting av gjerdeutstyr
-frakt av ved eller hogstvirke
-frakt av felt storvilt
-kalking av vassdrag.
b)Luft- og snøscootertransport som trengst ved tilsyn og vedlikehald av kraftanlegg, sjå pkt. 1.2. f. Ved akutt behov for slik transport skal det sendast melding.
a)Luft- og snøscootertransport av materialer til hytter, klopper mv. og av brensel, utstyr og proviant til hytter og buer.
3.5 All lufttransport etter punkt 3 skal meldast til oppsynet for transporten tek til. 
4. Militær operativ verksemd og andre offentlege tiltak

Vernereglane er ikkje til hinder for motorferdsle og for gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns- og forvaltningsverksemd. Øvingskøyring i samband med desse formåla krev særskild løyve.

V. Forvaltningsplan

Forvaltningsstyresmakta kan setje i verk tiltak for å fremja føremålet med vernet. Det skal utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningsliner når det gjeld forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon og rådgjeving. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Direktoratet for naturforvaltning.

VI. Unnatak i særskilde høve

Forvaltningsstyresmakta kan gjera unnatak frå vernereglane i kap. IV når føremålet med vernet krev det, for vitskaplege undersøkingar, for tiltak av vesentleg verdi for samfunnet og i særskilde tilfelle når det ikkje strir mot føremålet med vernet.

VII. Informasjon

Det kan setjast opp informasjonstavler.

VIII. Forvaltningsstyresmakt

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som er forvaltningsstyresmakt for biotopvernområdet.

IX. Rådgjevande utval

Det kan opprettast eit rådgjevande utval for forvaltninga av biotopvernområdet.

X. Ikraftsetting

Desse reglane trer i kraft straks.