Forskrift om vern av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde, Bykle, Valle og Bygland kommunar, Aust-Agder, Åseral, Hægebostad, Kvinesdal og Sirdal kommunar, Vest-Agder og Forsand kommune, Rogaland.

DatoFOR-2000-04-28-409
PublisertII 2000 274
Ikrafttredelse28.04.2000
Sist endretFOR-2015-12-11-1536
EndrerFOR-0000-04-25
Gjelder forBykle, Valle, Bygland, Åseral, Hægebostad, Kvinesdal, Sirdal og Forsand kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§14, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
Rettet21.05.2003, 4.2.1 b)
KorttittelForskr. om vern, Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane

Kapitteloversikt:

Fastsett ved Kronprinsreg.res. 28. april 2000 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5 og § 6, jf. § 14, § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 19 des 2008 nr. 1446, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013), 2 nov 2015 nr. 1318, 11 des 2015 nr. 1536.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63, §§ 5 og 6, jf. §§ 14, 21, 22 og 23, er eit område verna ved kronprinsregentens resolusjon av 28. april 2000 som landskapsvernområde med dyrelivsfredning under namnet Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Området ligg i Bykle, Valle og Bygland kommunar i Aust-Agder fylke, Åseral, Hægebostad, Kvinesdal og Sirdal kommunar i Vest-Agder fylke og Forsand kommune i Rogaland fylke.

II. Avgrensing

Det verna området omfattar heile eller delar av følgjande gnr./bnr.: 

Bykle: 1/1,2,3,4,6,7,8,10, 2/1,2,4,8, 4/2,3,5,8, 5/1, 6/1,4,5,7,8,10,14, 7/1,2, 8/1,2, 9/1,4,5, 10/1,2,3,4, 11/1,2,4, 12/1,2, 22/1. 

Valle: 21/1,5,7,8,11, 26/1,2,3,7, 27/1,2,5,11, 47/3, 48/3,4,5,6,13,16, 50/1,3,5,6,7,8,9,10,17,18, 51/1,3,4,6, 55/2, 60/1,2,3,4,5,6,30,35, 61/1, 62/1,2,3,4,5,6,7,8,12,13,14,28, 63/1,3,5,6,7,8,10,19,20, 64/1,2,5,7, 68/1,2,5,6,7,8,12,18,33,35,36,37,38,39,40,43,54,61,65,66,67,90, 70/1,2,3,4,5,6,9,20,54, 71/1,2,3,9. 

Bygland: 2/1,2,3,4,5,7,12,14,16,17,20,21,24,26,27,28,29,30,31,32,33,36, 3/1,2,3,4,5,9,10,11,12,13, 4/1,2,3,4,5,6,12,13,18,22,23,24,25,26,27, 5/1,2,9,12,18, 6/1, 9/15. 

Åseral: 1,2,3,4,6,7,10,11,12,13,26, 2/1,3,4,5,6,7,8,9,10,14,15,16,18,19,22,23,24,52,59, 5/1,2,5, 6/1,3,4,6,11,13,14,15,16,17, 7/1,3,4,5,6,7,8,11,13,15,16,65, 8/1,2,7. 

Hægebostad: 101/4,7,9, 102/1,2,3,4,5,6,8, 106/1,3,4. 

Kvinesdal: 191/1,2,4,5,6,7, 221/1,2. 

Sirdal: 1/1,2,3,4,6,7,8,10,17,18,19,20,21,23,25, 2/2,3,4,5,6,7,8, 14,15,16,17,18,19,20,21,22,23,24,25,26,27,28,29,30,31,32,33,34,35,36,37, 38,39,40,41,42,43,44,45,46,47, 48,49,50,51,52,53,54,55,56,57,58,59,60,61,62, 63,64,65,66,67,68,69,70,71,72,73,74,75,76,85, 3/2,4,5,6,11, 4/1,2,4,5, 5/1,3,5, 9/1,2,3,4,5,6,7,9,10,11,12,14,22,91, 10/1,2,3,4,6,9,11,12,13,28,29. 

Forsand: 23/1,2,3,4,5,6,7,8,9,11,12,13,14,15,44, 24/1,2,3,4,5,6,8,9.

Landskapsvernområdet dekker eit areal på ca. 2323,3 km².

Grensene for landskapsvernområdet framgår av kart i målestokk 1:30 000, datert Miljøverndepartementet desember 2008, med endringar vist på kart «Del av Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde», datert Klima- og miljødepartementet desember 2015. Kart og verneforskrift blir oppbevarte i dei berørte kommunane, hjå fylkesmennene i Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal merkast opp i marka etter nærare tilvising frå forvaltingsstyresmakta. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Innafor landskapsvernområdet er det særskilde kalvingssoner og trekksoner for villrein med ferdslereguleringar. Grensene for desse sonene er tekna inn på kartet. Miljødirektoratet kan ved forskrift oppheve ferdslereguleringane eller endre grensene for desse sonene.

0Endra med forskrifter 19 des 2008 nr. 1446, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013), 2 nov 2015 nr. 1318, 11 des 2015 nr. 1536.

III. Føremålet

Føremålet med vernet er:

1.Å ta vare på eit samanhengande, særmerkt og vakkert naturområde med urørte fjell, hei og fjellskogsområde med eit særmerkt plante- og dyreliv, stølsområde, beitelandskap og kulturminne.
2.Å ta vare på eit samanhengande fjellområde som leveområde for den sørlegaste villreinstamma i Europa.

IV. Vernereglar

For landskapsvernområdet gjeld følgjande reglar: 

1. Landskapet
1.1 Det må ikkje gjerast inngrep som vesentleg kan endra eller innverke på landskapet sin art eller karakter. I dette er medrekna:

Oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, framføring av luftledningar, jordkablar og røyr, bygging av vegar og rasteplassar, oppsetting av autovern, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, lausbryting og fjerning av stein og mineral, bergverksdrift, vassdragsregulering, gjødsling, sprøyting med kjemiske midlar, nydyrking, såing, planting, endring i samansetnaden av treslag ved skogkultur, plassering av campingvogner og bubilar. Opplistinga er ikkje uttømmande. Fylkesmannen avgjer i tvilstilfelle om eit tiltak kan endre landskapet sin art eller karakter vesentleg.

1.2 Reglane i 1.1 er ikkje til hinder for:
a)Tradisjonell landbruksdrift, herunder støling, stenging av skårfeste, oppsetting av kve o.l. som er naudsynt for fedrifta.
b)Vedlikehald av bygningar, vegar og anlegg.
c)Vedlikehald av merka, eksisterande stiar og løyper. Forvaltningsstyremakta kan nekte vedlikehald av merka stier og løyper når det av omsyn til føremålet med vernet er ønskjeleg å redusere ferdsla i einskilde område.
d)Manøvrering av regulerte vassdrag i tråd med gjeldande konsesjonsvilkår og vedlikehald og tilsyn av konsesjonsgjevne kraftanlegg, herunder anleggsvegar, luker, dammar, radiolinkar og kraftliner og herunder naudsynt auke i linetverrsnitt.
1.3 Når verksemda eller tiltaket kan skje utan at det strir mot føremålet med vernet, kan forvaltningsstyresmakta på nærare vilkår gje løyve til:
a)Nydyrking, framføring av jordbruksveg og oppsetting av gjerde.
b)Oppattbygging av bygningar som er gått tapt ved brann eller naturskade, og oppattbygging av nedfalne bygningar som høyrer med i det tradisjonelle bygningsmiljøet i stølsgrender. Eventuelle vilkår for og utforming av bygningar skal setjast i samråd med fylkeskonservatoren.
c)Mindre tilbygg til eksisterande bygningar.
d)Opparbeiding og merking av nye turstiar og løyper. 
2. Plantelivet
2.1 Nye plantearter må ikkje innførast.
2.2 Tradisjonelt beite er tillate. Miljødirektoratet kan ved forskrift regulere beite som er i strid med verneføremålet.
2.3 Hogst skal foregå i samsvar med reglar for hogst i vernskog. 
3. Dyrelivet
3.1 Nye dyreartar må ikkje innførast.
3.2 Jakt er tillate etter viltlova sine reglar.
3.3 Fiske er tillate etter lakse- og innlandsfiskeloven. 
4. Ferdsle (ikkje motorisert ferdsle)

All ferdsle skal skje omsynsfullt for ikkje å skade natur- og kulturverdiar, forstyrre dyrelivet eller beitedyr eller vere til ulempe for andre.

4.1 Arrangørar av større organiserte arrangement som idrettsarrangement, jaktprøver, store teltleirar og militærøvingar, må søke forvaltningsstyresmakta om løyve til arrangementet.
4.2 I dei særskilde kalvingsonene Storenos (1), Vatnedalsheii (2), Ratevassnuten (3) og Svarvaren (4), og i trekksonen Breidvatn (5) som er avmerkt på kartet, er all ferdsle forbode i tidsrommet f.o.m. 25. april t.o.m. 31. mai.

I dei særskilde trekksonene Svarteløkfjellet (6), Vardsvatn-Kvislevassknuten (7), Andersvatnet-Børsteinvatnet (8) og Steinbuskardet (9) er all ferdsle forbode f.o.m. 15. april t.o.m. 20. mai.

4.2.1 Forbodet i pkt. 4.2 er ikkje til hinder for:
a)Ferdsle som følgjer veg og merka løype.
b)Naudsynt ferdsle i samband med utbetring av skade på kraftanlegg.
c)naudsynt ferdsle for grunneigar for tilsyn av eigedomen sin.
d)Ferdsle i samband med militær operativ verksemd, ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltingsverksemd.
4.3 Bruk av ridehest og sykkel i utmark er berre tillate langs særskilde trasear som er kartfesta i forvaltningsplanen.
4.4 Innafor nærare avgrensa deler av landskapsvernområdet kan Miljødirektoratet ved forskrift forby all slags ferdsle heile året eller ein del av året når ein reknar det naudsynt for å verne naturmiljøet eller dyrelivet.
4.5 Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forbodet i pkt. 4.2 i særlege tilfelle når det ikkje strir mot føremålet med vernet, sjå pkt. VI. 
5. Motorisert ferdsle
5.1
a)Motorisert ferdsle på land er forbode.
b)Lågtflyging under 300 m over kalvingsområder og trekksoner, jf. kap. II, er forbode.
c)Start og landing med motordrevne luftfarty er forbode. Med landing forstår ein også henting og bringing av passasjerar og gods sjølv om landing i fysisk forstand ikkje finn stad.
5.2 Vegen Brokke-Suleskard skal vere stengd i tidsrommet f.o.m. 1. november t.o.m. 20. mai. Vegen skal ikkje brøytast før 12. mai der han kryssar trekksona Vardsvatn-Kvislevassknuten.
5.3 Forbodet i pkt 5.1 gjeld ikkje:
a)Motorisert ferdsle i samband med militær operativ verksemd, ambulanse-, politi-, brannvern-, sikrings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltingsverksemd. Øvingskøyring i samband med desse føremåla krev særskild løyve.
b)Motorferdsle på veg, herunder anleggsvegar etter gjeldande konsesjonsvilkår.
c)Landing med motordrevne luftfarty for henting av felt storvilt på eller ved følgjande vatn: Krokevatn, Ratevatn, Bånevatn, Storsteinvatnet, Ormsavatn og Karlsvatn i Bykle, Bossvatn i Valle, Storevatn i Sirdal og Kolsheivatn, Monsvatn, Storolavsvatn og Lykkjevatn i Bygland kommune.

All lufttransport skal meldast til forvaltningsstyresmakta før transporten tek til.

5.4 Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:
a)Naudsynt luft og snøscootertransport som trengst i samband med:
-jord- og beitebruk, t.d. frakt av gjerdeutstyr
-frakt av ved eller hogstvirke
-frakt av felt storvilt
-kalking.
b)Naudsynt luft- og snøscootertransport som trengst ved tilsyn og vedlikehald av kraftanlegg, sjå pkt 1.2. d. Ved akutte behov for slik transport skal det sendast melding.
c)Naudsynt luft- og snøscootertransport av materialar til hytter, klopper mv. og av brensle, utstyr og proviant til hytter og buer.
d)Opning/stenging av Brokke-Suleskardvegen ut over dei faste tidspunkta, ved heilt spesielle forhold og da etter retningsliner gitt i avtale av 12. april 1999 mellom fylkesmannen i Aust-Agder og Statens Vegvesen.
0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

V. Forvaltningsplan

Forvaltningsstyresmakta kan setje i verk tiltak for å fremja føremålet med vernet. Det skal utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningsliner når det gjeld forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon og rådgjeving. Forvaltningsplanen skal godkjennast av Miljødirektoratet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

VI. Unnatak i særskilde høve

Forvaltningsstyresmakta kan gjera unnatak frå vernereglane i kap. IV når føremålet med vernet krev det, for vitskaplege undersøkingar, for tiltak av vesentleg verdi for samfunnet og i særskilde tilfelle når det ikkje strir mot føremålet med vernet.

VII. Forvaltningsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som er forvaltingsstyresmakt for landskapsvernområdet.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

VIII. Rådgjevande utval

Det kan opprettast eit rådgjevande utval for forvaltninga av landskapsvernområdet.

IX. Ikrafttreding

Desse reglane trer i kraft straks.