Forskrift om vern av Ølveshovda som landskapsvernområde med plantelivsfreding, Kvinnherad kommune, Hordaland.

DatoFOR-2000-10-13-1025
PublisertII 2000 539
Ikrafttredelse13.10.2000
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forKvinnherad kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§13, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Ølveshovda landskapsvernområde

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 13. oktober 2000 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5, jf. § 6, § 13 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 5, jf § 6, § 13 og §§ 21, 22 og 23, er eit område i Kvinnherad kommune i Hordaland fylke verna som landskapsvernområde med plantelivsfreding av barlind og kristtorn ved kgl.res. av 13. oktober 2000 under namnet Ølveshovda landskapsvernområde.

II

Landskapsvernområdet femner om gnr./bnr.: 3/2 og 5/1,2,3 og dekkjer eit areal på omlag 397 dekar.

Grensene for landskapsvernområdet er vist på kart i målestokk 1:5000 datert Miljøverndepartementet oktober 2000.

Kartet og forskrifta vert lagra i Kvinnherad kommune, hjå Fylkesmannen i Hordaland, i Miljødirektoratet og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal avmerkast i marka der dei går over land, og knekkpunkta skal koordinatfestast.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

III

Føremålet med vernet er å sikre eit variert naturmiljø med naturleg avgrensa og vitale bestandar av både barlind og kristtorn. Bestanda er talrike og velutvikla og veks i lag med fleire vegetasjonstypar, mellom anna edellauvskog, og ber preg av kulturpåvirkning.

IV

For landskapsvernområdet gjeld følgjande reglar:

1.Inngrep eller verksemd som vesentleg kan endre arten eller karakteren til landskapet, er forbode; så som oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvognar, brakkar o.l., opparbeiding av opplagsplass for båt, fjerning eller inngrep i faste kulturminner frå nyare tid, så som bygningar, gamle vegar m.m, framføring av luftleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, nydyrking, fulldyrking, planting og såing av tre og buskar, bergverksdrift, vassdragsregulering, attlegging av avfall, gjødsling og bruk av kjemiske middel, utslipp av konsentrert ureining m.v.

Opplistinga er ikkje uttømmande.

Skogsdrift kan berre skje i samsvar med plan godkjend av forvaltningsstyresmakta innafor følgjande rammer:

-hogst skal gjerast som plukk- og tynningshogst
-hogst skal fremje den naturlege samansetnaden av treslag på staden
-hogst bør fremje utvikling av barlind og kristtorn
-hogst og transport skal gjere minst mogleg skade
2.Barlind og kristtorn er freda mot skade og øydelegging.

Nye planteartar må ikkje førast inn.

3.Motorisert ferdsel er forbode, inkludert start og landing med luftfartøy.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning, medrekna naudsynt motorferdsel i desse høve.
2.Tradisjonell beiting.

Miljødirektoratet kan av omsyn til verneformålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av verneområdet.

3.Uttak av innplanta gran og andre treslag som ikkje er stadbundne.
0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

VI

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Klipping og utnytting av barlind og kristtorn.
2.Opparbeiding av enkel kai/tilflott i samband med skogsdrift.
3.Naudsynt motorferdsel i samband med skogsdrift.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtsel for å fremme føremålet med vernet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtselen.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når føremålet med vernet tilseier det, samt for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi og i særlege tilfelle om det ikkje strir mot føremålet med vernet.

IX

Miljødirektoratet fastset kven som skal ha forvaltningsmyndigheit etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.