Forskrift om freding av Flotaneset som naturreservat, Modalen kommune, Hordaland.

DatoFOR-2000-10-13-1029
PublisertII 2000 545
Ikrafttredelse13.10.2000
Sist endret
Endrer
Gjelder forModalen kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Flotaneset naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 13. oktober 2000 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jf. § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit område med barlind i Modalen kommune i Hordaland fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 13. oktober 2000 under namnet Flotaneset naturreservat.

II

Det freda området femner om gnr./bnr.: 74/1, 74/2, 74/3, 74/4.

Reservatet dekkjer eit areal på omlag 733 dekar.

Grensene for naturreservatet er vist på kart i målestokk 1:5000 datert Miljøverndepartementet oktober 2000.

Kartet og forskrifta vert lagra i Modalen kommune, hjå Fylkesmannen i Hordaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka der dei går over land, og knekkpunkta skal koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å sikre eit lite påverka naturmiljø med ein høgtveksande og stor førekomst av barlind som både ligg langt inne i landet og som saman med barlindførekomstane ved Hestabotn ligg langt frå andre kjende førekomstar. Her finst det største hotreet av barlind som er kjent i Norden. Flotaneset har vitskapleg interesse som referanseområde.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon, medrekna daude busker og tre, er freda mot skade og øydelegging.

Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet.

Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting og såing av tre og buskar er ikkje tillate.

2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., framføring av kloakkleidningar og luftleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert ureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Idrettsarrangement, jaktprøver og anna organisert bruk av naturreservatet er forbode. Dette er likevel ikkje til hinder for organisert ferdsel i reservatet i samband med undervisning.
5.Motorisert ferdsel er forbode, inkludert start og landing med luftfartøy.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning, medrekna naudsynt motorferdsel i desse høve.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Jakt og fiske.
4.Tradisjonell beiting.

Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneformålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Organisert verksemd.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtsel for å fremme føremålet med fredinga, herunder kanalisering av ferdsel. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtselen.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når føremålet med fredinga tilseier det, for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi og i særlege tilfelle om det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsmyndigheit etter denne forskrifta.

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.