Forskrift om freding av Romsa som naturreservat, Ølen kommune, Hordaland.

DatoFOR-2000-10-13-1035
PublisertII 2000 557
Ikrafttredelse13.10.2000
Sist endret
Endrer
Gjelder forØlen kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Romsa naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 13. oktober 2000 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jf. § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit område med kristtorn i Ølen kommune i Hordaland fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 13. oktober 2000 under namnet Romsa naturreservat.

II

Det freda området femner om gnr./bnr.: 62/1-10. Reservatet dekkjer eit areal på omlag 213 dekar.

Grensene for naturreservatet er vist på kart i målestokk 1:5000 datert Miljøverndepartementet oktober 2000.

Kartet og forskrifta vert lagra i Ølen kommune, hjå Fylkesmannen i Hordaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka der dei går over land, og knekkpunkta skal koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å sikre eit naturmiljø der kristtorn finst i både reine bestand og i blandingsskog. Lokaliteten har stor verdi for friluftsliv, undervisning og forsking og kan i tillegg vere nyttig som reservoar for genressursar.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon, medrekna daude busker og tre, er freda mot skade og øydelegging.

Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet.

Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting og såing av tre og buskar er ikkje tillate.

2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av kloakkleidningar og luftleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert ureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Idrettsarrangement, jaktprøver og anna organisert bruk av naturreservatet er forbode. Dette gjeld likevel ikkje organisert ferdsel i samanheng med undervisning.
5.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode.
6.Motorisert ferdsel er forbode, inkludert start og landing med luftfartøy.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning, medrekna naudsynt motorferdsel i desse høve.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Fiske.
4.Uttak av innplanta gran og andre treslag som ikkje er stadbundne.
5.Tradisjonell beiting.

Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneformålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.

6.Vedlikehald av eksisterande stiar.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Organisert verksemd.
2.Forsiktig tilretteleggjing av stiar og informasjon.
3.Naudsynt motorferdsel i samband med tiltak under kap. V pkt. 4.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtsel for å fremme føremålet med fredinga, herunder kanalisering av ferdsel. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtselen.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når føremålet med fredinga tilseier det, samt for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi og i særlege tilfelle om det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsmyndigheit etter denne forskrifta.

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.