Forskrift om freding av Amdam som naturreservat, Ørskog kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2000-10-13-1039
PublisertII 2000 565
Ikrafttredelse13.10.2000
Sist endretFOR-2003-06-13-702
Endrer
Gjelder forØrskog kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Amdam naturreservat, Ørskog

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 13. oktober 2000 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra 13 juni 2003 nr. 702.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jf. § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit område med kristtorn i Ørskog kommune i Møre og Romsdal fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 13. oktober 2000 under namnet Amdam naturreservat.

II

Det freda området femner om gnr./bnr.: 82/3 og 83/5.

Reservatet består av to område som til saman dekkjer eit areal på 24 dekar.

Grensene for naturreservatet er vist på kart i målestokk 1:5000 datert Miljøverndepartementet juni 2003.

Kartet og forskrifta vert lagra i Ørskog kommune, hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka der dei går over land. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

0Endra ved forskrift 13 juni 2003 nr. 702.

III

Føremålet med fredinga er å sikre eit naturmiljø med kristtorn som her er på grensa av naturleg utbreiing. Kristtornførekomsten er godt etablert, og fungerer som spreiingsbase. Lokaliteten er floristisk svært interessant.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging.

Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet.

Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting og såing av tre og buskar er ikkje tillate.

2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogn, brakke o.l., opplag av båt, framføring av kloakkleidningar og luftleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert ureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Idrettsarrangement, jaktprøver og organisert bruk av naturreservatet er forbode. Dette gjeld likevel ikkje organisert ferdsel i reservatet i samband med undervisning.
5.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode.
6.Motorisert ferdsle utanom eksisterande veger er forbode, inkludert start og landing med luftfartøy.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning, medrekna naudsynt motorferdsel i desse høve.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Jakt og fiske.
4.Tradisjonell beiting.

Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneformålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.

5.Vedlikehald av vegar og anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet. Vedlikehald av eksisterande hytter og naust.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Organisert verksemd.
2.Naudsynt motorferdsel i samband med tiltak nevnt under kap. V pkt. 5.
3.Opplag av båt.
4.Gjenoppbygging av naust.
5.Vedhogst til eige bruk.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gir fullmakt, kan gjennomføre skjøtsel for å fremje føremålet med fredinga, herunder kanalisering av ferdsel. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtselen.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når føremålet med fredinga tilseier det, samt for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi og i særlege tilfelle om det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsmyndigheit etter denne forskrifta.

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.