Forskrift om vern av Raudøya som landskapsvernområde med plantelivsfreding, Ørsta kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2000-10-13-1041
PublisertII 2000 569
Ikrafttredelse13.10.2000
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Endrer
Gjelder forØrsta kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§13, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Raudøya landskapsvernområde

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 13. oktober 2000 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5, jf. § 6, § 13 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 23 mars 2012 nr. 867, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 5, jf § 6, § 13 og §§ 21, 22, 23, er eit område i Ørsta kommune i Møre og Romsdal fylke verna som landskapsvernområde med plantelivsfreding av kristtorn ved kgl.res. av 13. oktober 2000 under namnet Raudøya landskapsvernområde.

II

Landskapsvernområdet femner om gnr./bnr.: 64/1, 64/2, 64/3, 64/4, 64/5.

Landskapsvernområdet dekkjer eit areal på 380 dekar.

Grensene for landskapsvernområdet er vist på kart i målestokk 1:5000 datert Miljøverndepartementet oktober 2000.

Kartet og forskrifta vert lagra i Ørsta kommune, hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Miljødirektoratet og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal avmerkast i marka der dei går over land. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

0Endra med forskrifter 23 mars 2012 nr. 867, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

III

Føremålet med vernet er å sikre kultur- og naturlandskapet på Raudøya og holmane ikring.

IV

For landskapsvernområdet gjeld følgjande reglar:

1.Inngrep eller verksemd som vesentleg kan endre landskapet sin art eller karakter, er forbode; slik som oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogn, brakke o.l., opplag av båt, fjerning eller inngrep i faste kulturminne frå nyare tid, som bygningar, gamle vegar m.v., framføring av luftleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, nydyrking, fulldyrking, planting og såing av buskar og tre, bergverksdrift, vassdragsregulering, attlegging av avfall, bruk av kjemiske middel, utslepp av konsentrert ureining m.v.

Opplistinga er ikkje uttømmande.

Endring i den naturlege samansetnaden av treslag ved skogkultur er forbode. Flatehogst er forbode.

2.Kristtorn er freda mot skade og øydelegging.

Nye planteartar må ikkje førast inn.

3.Motorisert ferdsle er forbode, inkludert start og landing med luftfartøy.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning, medrekna naudsynt motorferdsel i desse høve.
2.Tradisjonell beiting.

Miljødirektoratet kan av omsyn til verneformålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av verneområdet.

3.Vedlikehald av anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet. Vedlikehald av eksisterande hytter.
4.Motorferdsel i samband med landbruksdrift.
0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

VI

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Nødvendig motorferdsel i samband med tiltak nevnt under kap. V pkt. 3.
2.Klipping av kristtorn.
3.Bygging av nye bygningar på gamle tufter i samanheng med eksisterande hus.
4.Bygging av naust.
5.Opplag av båt.
6.Oppdyrking av tidlegare dyrka mark.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gir fullmakt, kan gjennomføre skjøtsel for å fremje føremålet med vernet. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtselen.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når føremålet med vernet tilseier det, samt for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi og i særlege tilfelle om det ikkje strir mot føremålet med vernet.

IX

Miljødirektoratet fastset kven som skal ha forvaltningsmyndigheit etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.