Forskrift om freding av Nesheim som naturreservat, Finnøy kommune, Rogaland.

DatoFOR-2000-10-13-1043
PublisertII 2000 573
Ikrafttredelse13.10.2000
Sist endret
Endrer
Gjelder forFinnøy kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Nesheim naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 13. oktober 2000 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jf. § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit område med kristtorn i Finnøy kommune i Rogaland fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 13. oktober 2000 under namnet Nesheim naturreservat.

II

Det freda området femner om gnr./bnr.: 60/3, 60/4,7. Reservatet dekkjer eit areal på 43 dekar.

Grensene for naturreservatet er vist på går fram av kart i målestokk 1:5000 datert Miljøverndepartementet oktober 2000.

Kartet og forskrifta vert lagra i Finnøy kommune, hjå Fylkesmannen i Rogaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast av i marka der dei går over land, og knekkpunkta skal koordinatfestast.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på ein stor kristtornforekomst med tilhøyrande naturmiljø i Rogaland. Forekomsten syner ulike stadium av suksesjon og konkurranse mellom kristtorn og annan vegetasjon. Det er ønskjeleg å ta vare på ein rein kristtornskog utan kristtornskjering sør i reservatet, medan det i nord er ønskjeleg å ta vare på eit stadium prega av pyntegrøntskjering og beite.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon, medrekna daude busker og tre, er freda mot skade og øydelegging.

Det er forbode å fjerna planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting og såing av tre og buskar er ikkje tillate.

2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvognar, brakkar o.l., opplag av båtar, framføring av kloakkleidningar og luftleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert ureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Idrettsarrangement, jaktprøver og anna organisert bruk av naturreservatet er forbode. Dette gjeld likevel ikkje organisert ferdsel i samband med undervisning.
5.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode.
6.Motorisert ferdsel er forbode, inkludert start og landing med luftfartøy, medrekna start og landing med luftfarty.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning, medrekna naudsynt motorferdsel i desse høve.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Jakt og fiske.
4.Tradisjonell beiting.

Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneformålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.

5.Vedlikehald av anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Organisert verksemd.
2.Klipping og utnytting av kristtorn.
3.Naudsynt motorferdsel i samband med tiltak under kap. V punkt 5.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gir fullmakt, kan gjennomføre skjøtsel for å fremme føremålet med fredinga, herunder kanalisering av ferdsle. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som kan innehalde nærmare retningslinjer for gjennomføring av skjøtseltiltaka.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når føremålet med fredinga tilseier det, samt for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi og i særlege tilfelle om det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsmyndigheit etter denne forskrifta.

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.