Forskrift om freding av Linborgvatnet som naturreservat, Sokndal kommune, Rogaland.

DatoFOR-2000-10-13-1045
PublisertII 2000 577
Ikrafttredelse13.10.2000
Sist endretFOR-2008-07-07-853
Endrer
Gjelder forSokndal kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Linborgvatnet naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 13. oktober 2000 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 30 mars 2006 nr. 416, 7 juli 2008 nr. 853.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jf. § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit område med barlind i Sokndal kommune i Rogaland fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 13. oktober 2000 under namnet Linborgvatnet naturreservat.

II

Det freda området femner om gnr./bnr: 27/2,3, 27/4,5, 27/6,7 i Sokndal kommune. Reservatet dekkjer et areal på 215 dekar.

Grensene for naturreservatet er vist på kart i målestokk 1:5 000 datert Direktoratet for naturforvaltning mars 2006.

Kartet og forskrifta vert lagra i Sokndal kommune, hjå Fylkesmannen i Rogaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka der dei går over land og knekkpunkta skal koordinatfestast.

0Endra med forskrifter 30 mars 2006 nr. 416, 7 juli 2008 nr. 853.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på ein stor førekomst med barlind med tilhøyrande naturmiljø i Sør-Rogaland. Barlind står i spredde bestandar, busk- og matteforma eller som høgare tre. Området er viktig for å syne samanhengen mellom førekomst av barlind og kystlynghei.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon, medrekna daude busker og tre, er freda mot skade og øydelegging.

Det er forbode å fjerna planter eller plantedelar frå reservatet. Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting og såing av tre og buskar er ikkje tillate.

2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvognar, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av kloakkleidningar og luftleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert ureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Idrettsarrangement, jaktprøver og anna organisert bruk av naturreservatet er forbode. Dette gjeld likevel ikkje organisert ferdsel i samband med undervisning.
5.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode.
6.Motorisert ferdsel er forbode, inkludert start og landing med luftfartøy.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennonmføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning, medrekna naudsynt motorferdsel i desse høve.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Jakt og fiske.
4.Tradisjonell beiting.

Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneformålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Organisert verksemd.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gir fullmakt, kan gjennomføre skjøtsel for å fremme føremålet med fredinga, herunder kanalisering av ferdsle. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtsel.

VIII

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når føremålet med fredinga tilseier det, samt for vitskapelege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi og i særlege tilfelle om det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsmyndigheit etter denne forskrifta.

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.