Forskrift om freding av Bjørklund som naturreservat, Suldal kommune, Rogaland.

DatoFOR-2000-10-13-1047
PublisertII 2000 581
Ikrafttredelse13.10.2000
Sist endretFOR-2004-01-26-371
Endrer
Gjelder forSuldal kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Bjørklund naturreservat

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 13. oktober 2000 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endret 26 jan 2004 nr. 371.

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 § 8, jf. § 10 og §§ 21, 22 og 23, er eit område med kristtorn i Suldal kommune i Rogaland fylke freda som naturreservat ved kgl.res. av 13. oktober 2000 under namnet Bjørklund naturreservat.

II

Det freda området femner om gnr./bnr.: 115/1. Reservatet dekkjer eit areal på 73 dekar.

Grensene for naturreservatet er vist på kart i målestokk 1:5000 datert Direktoratet for naturforvaltning januar 2004.

Kartet og forskrifta vert lagra i Suldal kommune, hjå Fylkesmannen i Rogaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

0Endra ved forskrift 26 jan 2004 nr. 371.

III

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit eldre naturmiljø der ein finn eit tydeleg innslag av kristtorn i uvanleg finvaksen furuskog. I sør står nokre større kristtorn på beitemark som del av verdifullt kulturlandskap omkring. Førekomsten er mellom dei som ligg lengst inne i fjordane.

IV

For reservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon, medrekna daude busker og tre, er freda mot skade og øydelegging.

Det er forbode å fjerna planter eller plantedelar frå reservatet.

Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting og såing av tre og buskar er ikkje tillate.

2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogn, brakke o.l., opplag av båt, framføring av kloakkleidningar og luftleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling og lagring av masse, utføring av kloakk eller anna konsentrert ureining, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje fullstendig.
4.Idrettsarrangement, jaktprøver og anna organisert bruk av naturreservatet er forbode. Dette gjeld likevel ikkje organisert ferdsel i reservatet i samband med undervisning.
5.Bruk av sykkel, hest og kjerre og riding utanom eksisterande vegar er forbode.
6.Motorisert ferdsel er forbode, inkludert start og landing med luftfartøy.

V

Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning, medrekna naudsynt motorferdsel i desse høve.
2.Sanking av bær og matsopp.
3.Jakt.
4.Tradisjonell beiting.

Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneformålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.

VI

Forvaltningsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Organisert verksemd.

VII

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta gir fullmakt, kan gjennomføre skjøtsel for å fremme føremålet med fredinga, herunder kanalisering av ferdsel. Det kan utarbeidast forvaltningsplan, som kan innehalde nærare retningslinjer for gjennomføring av skjøtselen.

VIII

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når føremålet med fredinga tilseier det, samt for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg samfunnsmessig verdi og i særlege tilfelle om det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

IX

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal ha forvaltningsmyndigheit etter denne forskrifta.

X

Denne forskrifta trer i kraft straks.