Forskrift om vern av Brattefjell-Vindeggen som landskapsvernområde med dyrelivsfreding, Hjartdal, Seljord, Tinn og Vinje kommunar, Telemark.

DatoFOR-2000-12-15-1492
PublisertII 2000 Nr. 11
Ikrafttredelse15.12.2000
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
EndrerFOR-1998-01-08-44
Gjelder forHjartdal, Seljord, Tinn og Vinje kommunar, Telemark.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§5, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§6, LOV-1970-06-19-63-§7, LOV-1970-06-19-63-§14, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort
KorttittelForskrift om Brattefjell-Vindeggen landskap

Kapitteloversikt:

Fastsett ved kgl.res. 15. desember 2000 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 5, jf. § 6, jf. § 6, § 7, § 14, § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrifter 30 juli 2003 nr. 1022, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

I

I medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern, § 5 jf. § 6, § 7, § 14, § 21, § 22 og § 23, er eit område i Hjartdal, Seljord, Tinn og Vinje kommunar i Telemark fylke verna ved kgl.res. av 15. desember 2000 som landskapsvernområde med dyrelivsfreding under namnet Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde. Forskriften er endret ved Direktoratet for naturforvaltning sitt vedtak 30. juli 2003.

0Endra med forskrift 30 juli 2003 nr. 1022.

II Avgrensing

Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde ligg i kommunane Hjartdal, Seljord, Tinn og Vinje i Telemark fylke. Det samla arealet er 381,9 km² og omfattar følgjande gnr./bnr.:

Hjartdal kommune: 2/1, 2/2, 2/3, 3/1, 3/4, 4/1, 4/2, 5/1, 5/2, 6/1, 6/2, 6/3, 6/5, 6/7, 7/1, 7/2, 7/3, 7/6, 8/1, 8/2, 9/1, 9/2, 10/3, 10/4, 10/5, 10/6, 10/7, 10/8, 11/1, 11/2, 11/3, 11/5, 12/2, 12/3, 13/1, 13/2, 14/1, 14/2, 15/1, 15/2, 16/1, 16/2, 17/1, 17/2, 18/1, 19/2, 19/6, 19/9, 19/13, 19/14, 20/2, 20/4, 20/6, 21/1, 21/2, 21/5, 21/6, 21/7, 21/10, 21/17, 21/22, 22/1, 22/6, 23/4, 23/5, 23/6, 23/11, 24/1, 24/6, 24/7, 24/9, 25/1, 25/2, 25/5, 25/6, 27/1, 27/8, 28/2, 28/5, 28/7, 28/11, 29/1, 29/4, 29/6, 29/11, 30/4, 30/5, 30/6, 33/3, 33/6, 34/2, 34/3, 35/2, 36/1, 36/5, 36/6, 37/2, 37/4, 40/1, 44/1, 45/1, 46/4, 46/5, 46/7, 47/5, 50/1, 50/2, 52/3, 52/10, 53/1, 53/7, 53/10, 59/1, 62/4, 66/1, 83/4, 83/7, 83/8, 89/7, 98/2, 104/1, 104/2, 104/3, 104/4, 105/1, 106/1, 106/2, 106/3, 106/4, 107/1, 107/2, 107/3, 107/4, 107/5, 110/2, 110/3, 110/4, 110/5, 110/7, 110/9, 110/12, 110/20, 110/21, 111/1, 111/2, 111/4, 111/5, 111/15, 112/1, 112/2, 112/3, 112/5, 112/7, 113/1, 113/4, 114/1, 114/2, 115/1, 115/2, 115/3, 115/4, 115/5, 115/10, 115/11, 115/15, 116/1, 116/2, 116/4, 116/6, 117/1, 119/1.

Seljord kommune: 73/5, 73/7, 73/8, 73/11, 78/1, 79/7, 79/11, 79/12, 81/2, 81/4, 81/5, 82/5, 82/8, 82/9, 82/10, 82/12, 84/1, 84/3, 84/10, 85/3, 87/6, 87/9, 87/14, 89/3, 90/1, 90/2, 90/3, 92/5, 92/8, 100/1, 100/2, 100/15, 100/16, 100/19, 100/20, 100/24, 102/2, 102/3, 102/4, 102/7, 115/2, 116/2, 118/1, 118/4, 120/1, 120/2, 120/3, 120/5, 121/1, 123/1, 123/9, 124/1, 124/3, 124/4, 127/4, 128/1, 128/2, 128/3, 128/4, 128/9, 128/10, 136/2, 136/4, 137/3, 137/4, 137/11, 137/12, 138/1, 138/4, 138/5, 138/6, 138/7, 138/8, 138/12, 139/1, 140/1, 140/2, 140/3, 140/4, 140/5, 141/1, 141/2, 142/1, 142/2, 142/3, 142/5, 143/1, 143/2, 143/3, 143/4, 143/5, 143/18, 143/19, 144/1, 144/2, 144/3.

Tinn kommune: 127/2, 127/3, 127/7, 127/11, 127/29, 128/57, 128/103, 128/107, 129/2, 129/6, 129/10, 130/5, 130/8, 130/9, 130/15.

Vinje kommune: 151/8, 151/10, 152/2, 153/2, 153/17, 154/3, 154/4, 154/9, 154/16, 155/3, 156/1, 156/2, 156/9, 156/10, 156/11, 157/1, 157/3.

Grensene for landskapsvernområdet fremgår av kart i målestokk 1:50.000, merket Direktoratet for naturforvaltning juli 2003.

Kartet og verneforskrifta skal oppbevarast i Miljøverndepartementet, i Miljødirektoratet, hos Fylkesmannen i Telemark og i Hjartdal, Seljord, Tinn og Vinje kommunar. Dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet skal merkast av i marka og knekkpunkta bør koordinatfestast.

0Endra med forskrift 30 juli 2003 nr. 1022, 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

III Føremål

Føremålet med landskapsvernområdet er:

-å ta vare på eit vakkert og eigenarta naturlandskap, med urørt høgfjell og fjellskogsområde
-å ta vare på det biologiske mangfaldet i området, med villreinstamme og rikt plante- og dyreliv
-å ta vare på verdifulle kulturlandskap og kulturminne

IV Vernereglar

1. Området skal vere verna mot alle inngrep eller tiltak som vesentleg kan endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter.
1.1 Med dei unntak som fylgjer av forskrifta pkt. 2 og 3 er det forbod mot inngrep som vegbygging, uttak eller oppfylling av masse, uttak av torv, bergverksdrift og andre inngrep i grunnen, bygging av kraft- og telefonleidningar, damanlegg, taugbaner og skitrekk, opplag av campingvogner, grøfting, planting, skifte av treslag, nydyrking, oppføring og ombygging av bygningar og anlegg, skilting, bortlegging av avfall, gjødsling, kalking, bruk av kjemiske middel og utslepp av forureining av alle slag. Opplistinga er ikkje uttømmande.

Det er fylkesmannen som i tvilstilfelle avgjer om eit tiltak vesentleg vil endre eller verke inn på landskapet sin art eller karakter.

1.2 For skjøtsel og drift av skogen i området gjeld retningslinene for forvaltning av verneskogen i Telemark. Planting og tekniske inngrep i samband med skogsdrifta, til dømes bygging av skogs- og traktorvegar, krev likevel godkjenning av forvaltingsstyresmakta.
1.3 Lågtflyging under 300 m er forbode.
1.4 Motorferdsel skal gå føre seg etter faste ruter som peikast ut av forvaltningsstyresmakta. All motorferdsel skal gå føre seg slik at det ikkje oppstår varig skjemmande markskader, hjulspor o.l.
1.5 Innafor nærare avgrensa delar av landskapsvernområdet kan Miljødirektoratet ved forskrift forby all slags ferdsel heile året eller ein del av året når ein reknar det naudsynt for å bevare plante- eller dyrelivet eller geologiske forekomstar. Regelen gjeld ikkje for ferdsel i samband med verksemd som er nemnd i pkt. 2.5. 
2. Reglane i punkt 1 skal ikkje vere til hinder for:
2.1 beiting og drift av eksisterande setervollar, utslåttar og dyrka jord. Dette omfattar rydding, kalking og gjødsling i samsvar med gjødslingsplan, som er godkjent av forvaltningsstyresmakta.
2.2 drift og vedlikehald av eksisterande bygningar, vegar og anlegg. Dette gjeld og fornying av anlegg for overføring av kraft, herunder rydding i og langs trasé, oppgradering av kraftleidningar for heving av spenningsnivå, auke av linetverrsnitt, nye master m.v. når dette ikkje i vesentleg grad vil vere til skade for verneformålet.
2.3 oppføring av bygningar som er gått tapt ved brann eller naturskade. Slike saker skal leggjast fram for forvaltningsstyresmakta, som kan setja vilkår for storleik og materialbruk, plassering og utforming av bygningane.
2.4 jakt og fiske etter dei lovar og reglar som til ei kvar tid gjeld.
2.5 gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i samband med ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings-, oppsyns-, skjøtsels- og forvaltningsverksemd. 
3. Når verksemda eller tiltaket kan skje utan at det strir mot føremålet med vernet, kan forvaltningsstyresmakta på nærare vilkår gje løyve til:
3.1 tiltak i samband med jord- og skogbruk, så som oppføring av bygningar o.l.
3.2 mindre tilbygg eller ombygging av eksisterande bygningar i området.
3.3 anlegg av veg i samband med landbruksverksemd eller eksisterande kraftanlegg, dersom frakt på vinterføre eller bruk av helikopter ikkje er mogleg.
3.4 opparbeiding og merking av nye turstiar og løyper.
3.5 kalking av vatn og vassdrag i samsvar med kalkingsplan godkjent av forvaltningsstyresmakta.
0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

V Forvaltningsplan

Forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta peikar ut, kan setje i verk tiltak for å fremje føremålet med vernet. Det skal utarbeidast ein forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning, skjøtsel, tilrettelegging, informasjon mv.

VI Generelle unntak

Forvaltningsstyresmakta kan gjere unntak frå vernereglane når føremålet med vernet krev det, for vitskaplege undersøkingar, for tiltak av vesentleg verdi for samfunnet og eller i spesielle høve når det ikkje strir mot føremålet med vernet.

VII Forvaltningsstyresmakt

Forvaltninga av denne forskrifta vert lagt til den Miljødirektoratet bestemmer.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

VIII Samarbeidsutval

Det kan opprettast eit samarbeidsutval for området med representantar for lokale interesser.

IX Ikrafttreding

Denne forskrifta trer i kraft straks.

Samstundes blir forskrift av 8. januar 1998 nr. 44 om midlertidig vern av Brattefjell-Vindeggen landskapsvernområde, Hjartdal og Seljord kommunar, Telemark oppheva.