Forskrift om jakt etter elg og hjort, Aurland kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2002-05-27-588
PublisertII 2002 hefte 4
Ikrafttredelse27.05.2002
Sist endret
EndrerFOR-2001-12-10-1445
Gjelder forAurland kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§16, FOR-2002-03-22-314-§4, FOR-2002-03-22-314-§5
Kunngjort27.06.2002
KorttittelForskrift om jakt etter elg og hjort, Aurland

Fastsett av Aurland kommune 27. mai 2002 med heimel i lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet § 16, samt forskrift av 22. mars 2002 nr. 314 om forvaltning av hjortevilt og bever § 4 og § 5. 

1.Jakt etter hjort kan føregå i heile kommunen.
2.Minstearealet for hjort vert fastsett til 1.000 daa i heile kommunen. Kommunen kan i einskilde vald og i særlege høve fråvike arealkravet med inntil 50%.
3.Jakt etter elg kan føregå i heile kommunen.
4.Minstearealet for elg vert sett til 10.000 daa i heile kommunen.
5.Denne forskrifta trer i kraft straks, og opphevar samstundes det som gjeld Aurland kommune i forskrift av 10. desember 2001 nr. 1445 om jakt etter hjort og elg i kommunane i Sogn og Fjordane.