Forskrift om høve til å jakte etter hjort, Solund kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2002-05-28-877
PublisertII 2002 hefte 5
Ikrafttredelse28.05.2002
Sist endret
EndrerFOR-2001-12-10-1445
Gjelder forSolund kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1981-05-29-38-§16, FOR-2002-03-22-314-§4, FOR-2002-03-22-314-§5
Kunngjort15.08.2002
Rettet24.08.2004 rettet nummer i hjemmelsforskrift.
KorttittelForskrift om høve til hjortejakt, Solund

Kapitteloversikt:

Fastsett av Solund kommune 28. mai 2002 med heimel i lov av 29. mai 1981 nr. 38 om viltet § 16 og forskrift av 22. mars 2002 nr. 314 om forvaltning av hjortevilt og bever § 4 og § 5.

I

Det er opna for jakt etter hjort i Solund kommune.

II

Minstearealet for godkjenning av vald og fellingsløyve er sett til 1000 dekar. Dette gjeld i heile kommunen.

III

Denne forskrifta trer i kraft straks og samtidig vert alle andre forskrifter som inneheld reglar om opning av jakt og fastsetjing av minsteareal for hjort i Solund kommune oppheva.

Forskrift av 10. desember 2001 nr. 1445 om jakt etter hjort og elg, Sogn og Fjordane, gjelder ikke for Solund kommune.