Forskrift om supplering av verneplan for barskog i Vest-Noreg, vedlegg 2, freding av Sandvikbotn naturreservat, Flora kommune, Sogn- og Fjordane.

DatoFOR-2002-06-14-547
PublisertII 2002 hefte 4
Ikrafttredelse14.06.2002
Sist endret
Endrer
Gjelder forFlora kommune, Sogn- og Fjordane.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort20.06.2002
KorttittelForskrift om Sandvikbotn naturreservat, Flora

Fastsett ved kgl.res. 14. juni 2002 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

§ 1.Avgrensing

Det freda området vedkjem følgjande gnr./bnr.: 84/1 - 84/2 - 84/3,4 - 84/6 - 84/8.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på 1876 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:10.000 datert Miljøverndepartementet desember 2001.

Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Forskrifta med kart er lagra i Flora kommune, hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Føremål

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit skogområde med alt naturleg plante- og dyreliv, og med alle dei naturlege økologiske prosessane. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området inneheld eit skogområde med stor variasjon i skog- og vegetasjonstypar, og med ein særmerkt barlindførekomst av nasjonal verdi. Store delar ligg på god bonitet i låglandet.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye plantearter må ikkje førast inn. Planting eller såing av tre er ikkje tillate.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Nye dyrearter må ikkje førast inn.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., framføring av luftleidningar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorisert ferdsel på land og på vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
5.Bruk av reservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneføremålet ved forskrift forby eller regulere ferdsla i heile eller delar av naturreservatet.
6.Bruk av sykkel er forbode.
7.Etablering av nye båtplassar er forbode.
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel og forvaltning.

Øvingskøyring i tilknyting til slike føremål krev særskilt løyve.

2.Sanking av bær og matsopp.
3.Jakt.
4.Fiske.
5.Tradisjonell beiting. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneføremålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.
6.Vedlikehald av anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.
7a.Drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg. Bruk av motorisert transport krev særskilt løyve jf. § 5 nr. 1.
7b.Naudsynt istandsetjing ved akutt utfall. Ved bruk av motorisert transport skal det i ettertid sendast melding til forvaltingsstyresmakta.
7c.Oppgradering/fornying av kraftliner for heving av spenningsnivå og auke av linetverrsnitt når dette ikkje fører til vesentlege fysiske endringar i høve til verneføremålet.
8.Regulering av Jagedalsvatnet med maks. 1,8 meter mellom kote 16,2 og 18,0 for uttak av vatn til smolt/setjefiskproduksjon.
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltingsstyresmaktene kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorferdsel i samband med aktivitetar nemnde i § 4 nr. 1 (øvingskøyring), 3, 6 og 7a, § 5 nr. 3, 5, og 7.
2.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper og gamle ferdselsvegar medrekna kløvsti til Jagedalen etter gammal trasé.
3.Hogst av etablerte plantefelt.
4.Avgrensa bruk av naturreservatet som nemnt i § 3 nr. 5.
5.Oppsetjing av gjerde i samband med beiting.
6.Hogst av einskilde furutre til frøforsyning, maksimalt 3 tre med 5 års mellomrom. Trea skal ikkje fjernast frå staden.
7.Oppgradering/fornying av kraftliner som ikkje fell inn under § 4, nr. 7c.
§ 6.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når føremålet med fredinga krev det, eller for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet, og i spesielle tilfelle, dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

§ 7.Forvaltingsplan

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsføremålet. Det kan utarbeidast forvaltingsplan, som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 8.Forvaltingsstyresmakt

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal vere forvaltingsstyresmakt etter denne forskrifta.

§ 9.Ikraftsetjing

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.