Forskrift om supplering av verneplan for barskog i Vest-Noreg, vedlegg 3, freding av Ørnakken naturreservat, Skodje kommune, Møre- og Romsdal.

DatoFOR-2002-06-14-548
PublisertII 2002 hefte 4
Ikrafttredelse14.06.2002
Sist endret
Endrer
Gjelder forSkodje kommune, Møre- og Romsdal.
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort20.06.2002
KorttittelForskrift om Ørnakken naturreservat, Skodje

Fastsett ved kgl.res. 14. juni 2002 med heimel i lov av 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet.

§ 1.Avgrensing

Det freda området vedkjem følgjande gnr./bnr.: 9/1,2,3,4,7 - 10/1 - 11/1,2 - 29/1,2,6,7 - 30/1,2 - 31/1,2,3,4,6,7 - 45/1,2,3,10,42 i Skodje kommune.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på 4206 dekar. Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:13.000 datert Miljøverndepartementet desember 2001.

Forskrifta med kart er lagra i Skodje kommune, hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal avmerkast i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

§ 2.Føremål

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit skogområde med alt naturleg plante- og dyreliv, og med alle dei naturlege økologiske prosessane. Av spesielle kvalitetar kan nemnast at området inneheld ei grovstamma og variert furuskog med barlind, sjeldne artar og varmekjære artar. Store deler av området ligg på god bonitet i låglandet.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjon, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet. Nye plantearter må ikkje førast inn. Planting eller såing av tre er ikkje tillate.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade og øydelegging. Nye dyrearter må ikkje førast inn.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., framføring av luftleidningar og kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske plantevern- eller skadedyrmiddel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorisert ferdsel på land og på vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
5.Bruk av reservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneføremålet ved forskrift forby eller regulere ferdsla i heile eller delar av naturreservatet.
6.Bruk av sykkel, hest og kjerre og organisert riding utanom eksisterande vegar er forbode.
§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak som gjeld ambulanse, politi, brannvern, redning, oppsyn, skjøtsel- og forvaltning.

Øvingskøyring i tilknyting til slike føremål krev særskild løyve.

2.Sanking av bær og matsopp.
3.Jakt.
4.Fiske.
5.Tradisjonell beiting. Direktoratet for naturforvaltning kan av omsyn til verneføremålet ved forskrift regulere beitetrykket i heile eller delar av reservatet.
6.Vedlikehald av anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.
§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltingsstyresmaktene kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorferdsel i samband med aktivitetar nemnde i § 4 nr. 1 (øvingskøyring), 3 og 6 og § 5 nr. 3 og 5.
2.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper og gamle ferdselsvegar.
3.Hogst av etablerte plantefelt.
4.Avgrensa bruk av naturreservatet som nemnt i § 3 nr. 5.
5.Oppsetting av gjerde i samband med beiting.
§ 6.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når føremålet med fredinga krev det, eller for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet, og i spesielle tilfelle, dersom det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

§ 7.Forvaltingsplan

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsføremålet. Det kan utarbeidast forvaltingsplan, som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 8.Forvaltingsstyresmakt

Direktoratet for naturforvaltning fastset kven som skal vere forvaltingsstyresmakt etter denne forskrifta.

§ 9.Ikraftsetjing

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.