Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Vang kommune, Oppland

DatoFOR-2002-06-27-4874
Publisert
Ikrafttredelse24.10.2002
Sist endret
Endrer
Gjelder forVang kommune, Oppland
HjemmelLOV-1977-06-10-82-§4, LOV-1977-06-10-82-§5, FOR-1988-05-15-356
Kunngjort
KorttittelForskr. om motorferdsel i utmark, Vang

Heimel: Fastsett av Vang kommune 27. juni 2002 med heimel i lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag § 4 og § 5 og forskrift 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag. 

Verkeområde

Kommunal forskrift utfyller ovafor nemnde lov om motorferdsel i utmark og nasjonal forskrift, og regulerer ikkje føremål som er nemnt i motorferdsellova § 4 første ledd og nasjonal forskrift § 2 første ledd. 

Bruk av motorfartøy (båtar), i medhald av motorferdsellova § 4 tredje ledd og § 5 pkt. b: 

På Sletningen, Tyin, Øyangen/Steinbusjøen, Bygdin, Ole, Fleinsendin, Rysntjednet, Nørre Syndin og Helin, samt dei delar av Sulevatnet, Vinstera og Øyangen som ligg i Vang kommune er øvre grense for motorstyrke 15 HK.

På Vangsmjøsa er det inga øvre grense for motorstyrke. I strandsonen innafor ei avstand på 75 meter frå strandlina kring heile vatnet er høgste tillate fart 5 knop. På strekninga mellom Vang Autoservice og Hamar utafor Vang barne- og ungdomsskule er høgste tillate fart 5 knop innafor ein avstand på 200 meter frå strandlina.

På Vang sin del av Slidrefjorden er det inga øvre grense for motorstyrke. I strandsonen innafor ein avstand på 75 meter frå strandlina for Vang sin del av vatnet er høgste tillate fart 5 knop.

Grunneigarar med fiskerett kan i Samband med fiske bruke motorbåt med motorstyrke inntil 15 HK på alle vatn.

Vang kommune kan etter søknad gje løyve til bruk av motorbåt til andre føremål når særlege grunnar ligg føre. 

Bruk av luftfartøy (fly, helikopter, motorhangglider mv.) i medhald av motorferdsellova § 5 pkt. a:

I følgje motorferdsellova § 3 er det eit generelt forbod mot bruk av luftfartøy i utmark og vassdrag med mindre noko anna er bestemt i denne kommunale forskrift:

Landing og start med luftfartøy er tillatt på vatna Otrøvatnet, Tyin, Bygdin og Vangsmjøsa. Dette gjeld både på ope og islagd vatn. På Tyin er det likevel ikkje lov å lande innafor ei sone på 3 km frå Tyinosen (avgrensing Smogelva og Reikesteinsøddin).

Vang kommune kan etter søknad gje løyve til andre landings-/startplassar når særlege grunnar ligg føre. 

Dispensasjonsmynde

Kommunestyre sitt mynde til å gje løyve etter søknad er delegert til hovudutval for landbruk, anna næring og miljø.