Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Øystre Slidre kommune, Oppland.

DatoFOR-2002-10-24-1880
PublisertII 2003 hefte 3
Ikrafttredelse24.10.2002
Sist endret
EndrerFOR-1978-05-19
Gjelder forØystre Slidre kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1977-06-10-82, FOR-1988-05-15-356
Kunngjort05.06.2003
KorttittelForskr. om motorferdsel i utmark, Øystre Slidre

Kapitteloversikt:

Fastsett av Øystre Slidre kommune 24. oktober 2002 med heimel i lov av 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag og forskrift av 15. mai 1988 nr. 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag.

Virkeområde

Føresegna utfyller føresegnene som er gjevne i motorferdsellova og nasjonal føresegn. Føresegna regulerer ikkje formål som er nemd i motorferdselloven§ 4 fyrste ledd og nasjonal føresegn § 2 fyrste ledd.

Føresegner for motorfartøy og luftfartøy

1.Føresegner i medhald av motorferdselloven § 4 tredje ledd (ferdsel på innsjøer større eller lik 2 km² ):
a.På følgjande innsjøer med areal større enn lik 2 km² er ferdsel med motorfartøy tillate: Vinstervatnet m/øvre Bjørnhølen, Sandvatnet, Olevatnet, Øyangen (Beito), Heggefjorden, og Volbufjorden.
b.På Finnefjorden og Yddin samt innsjøer med areal mindre enn 2 km² er ferdsel med motorfartøy ikkje tillate. Motorfartøy omfatter fartøy både med forbrenningsmotor og elektrisk motor.
c.På Vinstervatnet m/Øvre Bjørnhølen og den del av Øyangen som ligg i Øystre Slidre kan det nyttast motorfartøy med maksimal motorstyrke på 10 HK. På Sandvatnet, Olevatnet, Heggefjorden og Volbufjorden kan det nyttast motorfartøy med maksimal motorstyrke på 6 HK.
d.På Olevatnet, og Volbufjorden er det i strandsona innafor ein avstand på 50 m maksimalt tillate fart 5 knop (9,3 km/t). På Heggefjorden sør for ei rett linje mellom Skjæret på vestsida og grenseodde mellom 27/18 og 27/4 ved Furustrand friluftsområde samt i strandsone innafor avstand på 50 m er maksimal tillate fart 5 knop (9,3 km/t). Bruk av motorfartøy er ikkje tillate innafor markert badesone utafor Furustrand friluftsområde.
e.På Volbufjorden og den del av Øyangen som ligg i Øystre Slidre sør for ei rett linje vestover frå Houganeset er det tillate med inntil 40 HK motor etter søknad ved bruk til vannsport.
f.Det er ikkje tillate med motorferdsel på elvestrekninger eller vatn mindre enn 2 km² , sjølv om disse inngår som delar av farbart vassdrag.
g.Det er forbod mot å nytte vannskuter eller liknande fartøy i kommunen. 
2.Føresegner i medhald av motorferdsellova § 5 (gjeld i den tida innsjøene er isfrie):
a.Utover vitskaplege undersøkingar som dyretellinger og liknande undersøkingar i offentleg regi, er adgang til landing og start med luftfartøy avgrensa til Volbufjorden og den del av Øyangen (Beito) som ligg i Øystre Slidre.

Føresegner for bruk av motorkjøretøyer på vinterføre 

Generelt

Transportbehovet skal primært dekkjast via leigekjøring. Løyve tildelast innabygdsbuande som helst kombinerer slik transport med transport som er direkte heimla i love eller forskrift.

Løyve for leigekjøring tildelast for ei periode på 4 år, og kjøring skal skje etter nærare fastsette vilkår. Ved brot på fastsette vilkår kan løyvet inndragast.

3.Føresegner for kjøring i medhald av nasjonal føresegn § 3 andre ledd:
a.Generelt skal all kjøring heimla i nasjonal føresegn § 3 om mogleg foregå etter trasé for sommerveg, langs skiløypetrasé og ev. etter fastsett snøskutertrasé. Kjøring skal om mogeleg foregå på kvardager.
b.Kjøring med heimel i nasjonal føresegn § 3 bokstav e skal foregå etter til kvar tid gjeldande løypeplan for kommunen.
c.Vintersesongen reknast fram til 1. mai. Kommunen kan krevje at melding om tidsrom, tal på turer og trasévalg vert innlevert.

Søknadshandsaming - dispensasjoner

4.Søknadsskjema med mer
a.Søknad om dispensasjon skal fremjast på fastlagt skjema.
b.Søknader med heimel i nasjonal føresegn § 5 bokstav b skal vedlegges legeattest av nyare dato.
5.Dispensasjoner frå føresegner i lokal føresegn
a.Rådmannen kan ved særskilt høve dispensere frå føresegnene om fartsbegrensning og motorstyrke, jf. punkt 1 bokstavene c - f.
b.Rådmannen kan ved særskilt høve dispensere frå føresegn om start og landing med luftfartøy, jf. pkt. 2 bokstav a.
c.Rådmannen kan ved særskilt høve dispensere for kjøring etter 1. mai, jf. pkt. 3 bokstav c.

Ikrafttreden

Denne føresegna trer i kraft 24. oktober 2002. Tidlegare føresegn av 19. mai 1978 held samstundes opp å gjelda.